MØBELMUSEET, SYKKYLVEN

Tulip Chair. Design: Eero Saarinen

 

Eero Saarinen (1910 – 1961) var finsk-amerikansk arkitekt og industridesignar. Han var son av Eliel Saarinen, også arkitekt. Han har gitt form til ei rekkje av signalbygga som vart bygd i USA før, under og etter 2. verdskrigen.

Historikk: Eero Saarinen voks opp i Bloomfield i Michigan der faren var lærar ved Cranbrook kunstakademi etter at dei hadde emigrert frå Finland til USA i 1923. Han tok kurs i skultur og møbeldesign og hadde tett samarbeid med Charles og Ray Eames og Florence Schust/Kroll. Han byrja å studere skulptur ved Academie de la Grande Chaumière i Paris i Frankrike. Derifrå gjekk han over til Yale-universitetet, der han studerte arkitektur og fullførte i 1934.

Han reiste rundt i Europa og Nord-Amerika og budde også eit halvt år i sitt gamle heimland Finland før han reiste tilbake til Cranbrook som kunstlærar og for å arbeide saman med faren. Under krigen teikna han manualar for våpenindustrien og designa også The Situation Room i Det Kvite Hus. Den første merksemda frå kritikarane fekk han medan han endå arbeidde for faren. Han hadde arbeidd saman med Charles Eames om The Tulip Chair. Meir merksemd vart det då han tok førsteprisen I konkurransen om e Jefferson National Expansion Memorial i St. Louis i 1948. Saman med produsenten Knoll vart det skapt ei rekkje viktige møbelstykke: "Grasshopper" lenestol og ottoman (1946), the Womb Chair and ottoman (1948), the Womb settee (1950), side and armchairs (1948–1950), and his most famous Tulip/Pedestal (1956), som inneheldt armstol, spisestuebord og stol, salongbord og sidebord.

Andre store verk var Crow Island School in Winnetka, Illinois (1940). General MotorsTechnical Center i Warren, Michigan. The GM Technical center (1956), Hovudkvarter for John Deere, IBM, and CBS. I 1950-åra fekk han oppdrag frå amerikanske universitet: Noyes Dormitory ved Vassar, Ingalls Rink, and Ezra Stiles & Morse Colleges at Yale University. Han sat også i juryen då Jørn Utzon fekk oppdraget med operahuset i Sydney.