Kva skjer?
Aalesunds Museum
Blir Brudeegget norsk attraksjon?
Foto: NRK |
Lørdag felles dommen: Blir “Uræd” – alias Brudeegget – godkjent som heilnorsk attraksjon? Det er programskaperen Linda Eide i NRK som fatter denne avgjørelsen, som sjølvutnevnt dommer i eget program: Norsk attraksjon.
Sommeren 2010 var Linda Eide og hennes utmerkede mini-team på en skikkelig Sunnmørstur. På rekordtid ble det gjort opptak både i Ålesund og i Valldal.
Sunnmøre Museum
Valentines Day
”Valentines Day” er for mange ei amerikansk feiring av kjærleiken. Det ikkje så mange kanskje veit er at også i Noreg har vi tradisjonar for å feire kjærleiken.
Frå og med søndag 12. februar kan du besøke museet si eiga ”hjarteutstilling” i kafeen. Her blir det også klemmekrok, teiknebord for barna og ikkje minst mykje kjærleik i kafedisken. Vi ønskjer alle HJARTELEG velkommen!
Sunnmøre Museum
Borgundfjordfiske
Tirsdag 14. februar kl. 18.00 inviterar vi til "dei gode historiene" knytta til Borgundfjordfiske i Båthallen på museet.
I etterkant blir det "mat og prat" i kafeen, med mellom anna servering av varm fiskesuppe. Ta på godt med klede og besøk museet denne vinterkvelden!
Inngang inkl fiskesuppe kr 120,-
Ny båthall på Sunnmøre Museum
Gjennom Stiftelsen Kjell Holm og Sparebanken Møre har Sunnmøre Museum fått ei fantastisk moglegheit til å byggje eit etterlengta, fleirfunksjonelt bygg for den sunnmørske kystkulturen.
Bygget vert sett opp i tilknytning til den eksisterande båthallen og skal ferdigstillast 1. juni 2012.
Les meir
Godt museumsår for Stiftinga Sunnmøre Museum
Med ei auke på heile 13% er musea i Stiftinga Sunnmøre Museum særs godt nøgde med besøkstalet for 2011. Fokus på eit variert tilbod for både skuleklassar, tilreisande og heimemarknaden har gitt resultat.
Vi er særs godt nøgde med året 2011. Gjennom året har vi hatt fokus på fortsatt å skape mangfald i tilbodet til både privatpersonar og skuleklassar.
Sunnmøre Museum
Onsdagsaktivitetar i vinterferien
Onsdag 22. februar kl. 12-15 er det duka for vinterferieaktivitetar på museet. Ta med heile familien og bli med på aktivitetsdag for små og store i Strandatunet.
Bli med på «gamall skuletime» i Nordalskulen, bak potetkaker i Framgardstova, brett papirbåtar i Ytterlandstova, steik brød på bål, laft hus i fjøsen eller løys rebusoppgåver!
I Ytterlandstova kjøper du varm kakao, sveler, pølser, tursjokolade m.m
Inngang: voksen kr 80, barn kr 30, familie kr 160
Sunnmøre Museum
Bli med på flatbrødkurs
Imponer venner og familie med heimelaga flatbrød til påskematen! Bli med på flatbrødkurs på Sunnmøre Museum tirsdag 13. mars kl. 17.30.
Vi stiller med forkle, skaut, takke, oppskrift og deig. Du tar med kjevle, gjerne en bakstepinne og noko å ta med baksten heim i. Undervegs i kurset er det lov å smake på eigen bakst - vi serverer spekemat :) Bakeresultatet får du sjølvsagt ta med heim.
Påmelding til museum@sunnmore.museum.no innan tirsdag 6. mars, men "først-til-mølla-prinsippet" gjeld.
Pris pr. deltakar: 450,-

