MØBELMUSEET, SYKKYLVEN

Sitzmaschine. Design: Jochen Hoffma

Josef (Jochen) Hoffmann (1870 – 1956), austerriksk arkitekt og designar.

 

 Han fekk si utdanning ved kunstakademiet I Wien Han var med å skipe kunstsamanslutninga Vienna Secession i 1897 saman med Joseph Maria Olbrich, Gustav Klimt og Koloman Moser.

Historikk: Frå 1899 underviste han ved Kunstakademiet I Wien. I 1905 forlet han samanslutninga på grunn av konflikt med naturalistane når det galt kunstnarleg visjonar og synet på Gesamtkunstverk. Han etablerte Wiener Werkstätte saman med Fritz Warndorfer og Koloman Moser.

Wiener Werkstätte eksisterte fram til 1932. 1906 designa han Sitzmaschine-stolen. Same året bygde han sitt største arbeid, Sanatorium Punkersdorf. I perioden 1905 - 1911 teikna og bygde han også Palais Stoclet i Brüssel, eit meisterstykke i jugendstil.

Josef Hoffmann er mannen bak den ikoniske Kubus lenestol som vart presentert i den internasjonale utstillinga i Buenos Aires i 1910. Han var ein stor beundrar av Le Corbusier som han både var læraren og oppdragsgivar for. Han oppdaga også mange andre talent, som Oskar Kokoscka og Egon Schiele. Sjølv om han var høgt skatta av folk som Alvar Aalto, Le Corbusier, Gio Ponti og Carlo Scarpa, vart han likevel ignorert av den nye generasjonen av arkitektar og var ganske ukjend då han døydde.

Kjende verk: Purkersdorf lenestol (1904), Sitzmaschine lenestol (1905), Kunstschau lenestol (1905), Palais Stoclet lenestol (1905-1910), Fledermaus stol (1907), Siebenkugelstuhl (1908), Armloffer stol(1908), Kubus lenestol (1910) og Haus Koller-stolen (1911).