MØBELMUSEET, SYKKYLVEN

Panton Chair. Verner Panton 1959/19

 

Verner Panton (1926 – 1998) blir rekna som ein av dei viktigaste møbel- og interiørdesignarane i Danmark. Han skapte innovative, funky og futuristisk design. Spesielt brukte han plast som materiale og han likte sterke og eksotiske fargar. Han designa I 1960-stil, men opplevde ny popularitet rundt hundreårsskiftet og i 2004 var framleis mange av modellane hans i produksjon.

Historikk. Verner Panton var ein røynd kunstnar I Odense før han studerte arkitektur ved Det Kongelege Danske Kunstakademi i København der han gjekk ut i 1951. I løpet av dei to første åra i karrieren, arbeidde han i eit arkitektkontor som Arne Jacobsen dreiv.

Panton viste seg å vere eit "enfant terrible" og han gjekk i gang med å utvikle sin eigen design i eit eige arkitektkontor. Han vart kjend for sine innovative arkitektforslag, blant anna eit hus til å slå saman (1955), kortstokkhuset og plasthuset (1960). Nær slutten av 1950-åra hadde møbeldesignen hans blitt veldig ukonvensjonell. I 1960 ga han form til den aller første injeksjonsforma plaststolen produsert i eitt stykke. The Stacking Chair (S Chair) vart hans mest masseproduserte og berømte møbelstykke.

Seint I 1960-åra og tidleg I 1970-åra eksperimenterte han med totaldesign. Det vart radikale og psykedeliske interiør der hans møblar passa inn. Han er best kjend for båtinteriør han skapte for ein tysk produsent og for hotell i Europe som utnytta runde og sylindriske møblar. Panton is også godt kjend for sitt innovative arbeid for tidsskriftet Der Spiegel i Hamburg.

Verk: Cone Chair (1958), Peacock, The Panton Chair (1960), Verner Panton S-chair model 275 Thonet.