MØBELMUSEET, SYKKYLVEN

Diamond Chair. Design: Harry Bertoi

 

Harry Bertoia’(1915 -1978) var ein italienskfødd kunstnar, skulptør og designar av moderne møblar.

Historikk: Han kom frå Italia til Detroit i USA som femtenåring for å vitje ein eldre bror. Han valde å bli verande i USA og fekk plass på Cass Technical High School, der han studerte kunst og design og lærte seg å lage handlaga smykke.

I 1938 byrja han på Kunstskulen I Detroit, no College for Creative Studies. Året etter fekk han stipend til å studere ved det kjende Cranbrook Academy of Art der han måtte ei rekkje av dei andre store designarane i sin generasjon. Han opna sin eigen metallverkstad der han underviste i smykkedesign og metallarbeid og designa blant anna gifteringane til Charles and Ray Eames.

Han gifte seg i 1943 med Brigitta Valentiner og flytta til California for å arbeide med Charles and Ray Eames ved fabrikken som laga forma plywood-produkt (Evans Product Company.) Han arbeidde for dei til krigen var slutt i september 1945. I 1950 flytta han til Pennsylvania og etablerte sitt eige studio der han samarbeidde med Hans og Florence Knoll. I denne perioden designa han fire møbelstykke som vart kjent som the Bertoia Collection for Knoll. Blant desse var den kjende Diamond Chair, ei flytande, skulpturell form laga av formpressa bladsalat og sveisa stål.

“Ser du på desse skulpturane, er dei stort sett laga av luft, som skulpturar. Rommet passerer rett gjennom dei” (Harry Bertoia) Diamantstolen vart produsert med variert grad av stopping over nettingen og dei vart laga for hand fordi det var vanskeleg å få til in skikkeleg industriproduksjon. Det var også svakheiter i konstruksjonen so måtte modifiserast.

Likevel vart diamantstolen straks ein suksess. Suksessen vart så stor at han ofra seg i stor grad for å byggje eksperimentelle skultura. Ved å strekke og bende metallet, fekk han det til å respondere på vind eller berøring. Bertoia fekk blant anna oppdraget med å skape fontena ved Marshall-universitetet i West-Virginia som hadde bruk for eit minnesmerke om eit fotballag som kom bort I ei flyulukke I 1970.