MØBELMUSEET, SYKKYLVEN

Butterfly Stool. Design: Sori Yanag

 

Sori Yanagi, (1915 – 2011), japansk designar som kombinerte vestleg formtradisjon med Japanseigne kunsttradisjonar. Han ga form til glas, knivar, barneleiker, metrostasjonar og motorsyklar.

Historie: Han vart fødd i Tokyo, Japan og gjekk på kunstskule I same by . Frå 1940 til 1942 arbeidde han i studioet til designaren Charlotte Perriand. I 1952 grunnla han Yanagi Industrial Design Institute, som skapte eit stort tal godt fformgjevne daglegartiklar og møblar.

Sori Yanagi’s design er prega av eit stort mangfald av organiske former og kombinerer vestleg industridesign med Japans eigen kunsttradisjonar. Denne suksessrike syntesen har gjort Sori Yanagi til ein av dei mest kjende japanske designarane i etterkrigestida. I tillegg til møblar, har han også designa lyssystem, glasgjenstandar, knivar, barneleiker, metrostasjonar og motorsyklar. I 1977 vart Sori Yanagi utnemnd som leiar for det japanske folkekunstmuseet i Tokyo.