MØBELMUSEET, SYKKYLVEN

Barcelona. Design: Mies van der Roh

 

(Ludwig) Mies van der Rohe (1886 – 1969), tysk-amerikansk arkitekt. Saman med Le Corbusier, Alvar Aalto og Frank Lloyd Wright er han rekna i toppskiktet blant meistrane i moderne arkitektur. Han var den siste direktøren i Bauhaus. Som så mange I etterkrigstida, prøve han å etablere ein ny arkitektur for ei ny tid, slik klassisk og gotisk arkitektur gjorde det for si tid.

Historie: Ludwig Mies var fødd i Aachen, den gongen kongedømmet Prøysen. Han flytta tidleg til Berlin der han vart engasjert i interiørarkitektkontoret til Bruno Paul. Han byrja som lærling i studioet til Peter Behrens 1908 til 1912, der han kom i kontakt med Walter Gropius and Le Corbusier. Mies var også byggjeleiar for den tyske ambassaden I St. Petersburg under leiing av Behrens.

Han vart fort lagt merke til, trass I mangelen på formell utdanning. Han var ein imponerande person med sjølvtillit og han tok det aristokratiske namnet van der Rohe (mora sitt etternamn Rohe pluss det hollandske van der. Det tyske von hadde berre ekte aristokratar lov til å bruke).Først designa han overklasseheimar og prøvde å reindyrke tysk design frå byrjinga av 1900-talet. Han likte store proporsjonar, rytmiske element, forsøk på å knytte natur og kultur saman og enkle kubiske former, slik Schinkel hadde gjort det i prøyssisk nyklassisisme. Etter krigen, samtidig med at han designa neoklassiske heimar, eksperimenterte han med interiør som kunne passé for den moderne og industrielle tidsalderen. Den aukande kritikken av historiske stilartar ramma blant anna den aristokratiske stilen som vart sett på som ein sosial og estetisk overleving frå tidlegare tider.

Mies skapte den mangefasetterte glasskyskraparen for Friedrichstraße i Berlin n 1921, etterfølgd av ein større kurva versjon året etter med namnet Glas-skyskraparen. Han konstruerte den tyske paviljongen på verdsutstillinga i Barcelona i 1929 og han teikna den elegante Villa Tugenhat I Brno, Tjekkia i 1930. Han vart med I den tyske avantgarden og var bidragsytar I det progressive designmagasinet G. Han var ein av grunnleggjarane av arkitekturfellesskapet Der Ring, og var den siste direktøren for Bauhaus .

Som så mange andre i avantgarden, baserte Mies seg på idear som var utvikla av teorietikarar og kritikarar av tradisjonen. Han var influert av den hollandske De Stijl-gruppa og Gerrit Rietveld. Også designteoriane til Adolf Loos fann resonans hos Mies som også vadde stor sans for dei modige verka til modernistisk amerikanske arkitektar som Frank Lloyd Wright.

Før krigen braut ut, vart han karakterisert som ikkje-germansk av nazistyresmaktene og kontora hans vart stengde. Frustrert og ulykkeleg reiste han frå landet I 1937 og flytta til Wyoming USA der han vart sjef for arkitektur-avdelinga I det nye Illinois Institute of Technology (IIT) in Chicago. Mies van der Rohe skulle få mykje å seie for arkitektur i USA og Europa og han stod for idear som seinare har blitt kalla den andre Chicago-skulen, og som skulle bli viktig både i Nord-Amerika og i Europa. Han skapte ein ekstremt klar og enkel stil. Han brukte moderne materialar som industristål og glas for å definere rommet i huset. Han streva mot ein arkitektur med minimalt med rammeverk og søkte ein strukturell orden som skulle gi opne rom.

Han kalla bygningane sine “skinn og bein”-arkitektur. Han søkte etter rasjonelle måtar å løyse oppgåvene på og ville ha til enkle verkemiddel. Han er ofte knytt til ordspråk som “less is more” og "Gud finst i detaljane”.

Litteratur:

Blake, Peter (1976). The Master Builders. New York: W W Norton & Company, Inc.. ISBN 0-393-00796-0.

Carter, Peter (1974). Mies van der Rohe at Work. New York: Praeger. OCLC 627943.

Puente, Moisés (2008). Conversations with Mies Van Der Rohe. New York: Princeton Architectural Press. p. 96. ISBN 978-1-56898-753-8.

Schulze, Franz (1985). Mies Van Der Rohe; A Critical Biography. Chicago: University of Chicago Press, Inc.. ISBN 0-226-74059-5.

Schulze, Franz; Windhorst, Edward (2012). Mies Van Der Rohe, a Critical Biography (New and Revised Edition). Chicago: University of Chicago Press. ISBN 0-226-75600-9.

Sharp, Dennis (1991). The Illustrated Encyclopedia of Architects and Architecture. New York: Whitney Library of Design. p. 109. ISBN 0-8230-2539-X.

Spaeth, David (1985). Mies Van Der Rohe. New York: Rizzoli International Publications, Inc.. ISBN 0-8478-0563-