MØBELMUSEET, SYKKYLVEN

Ball Chair. Design: Eero Aarnio 196

 

Eero Aarnio (fødd 1932) er ein finsk interiørdesignar, kjend for sine innovative møbeldesign. I 1960-åra, spesielt for sine plast og fiberglasstolar.

Historikk: Han studerte ved institutt for industriell kunst i Helsinki og opna sitt eige kontor i 1962. Dei følgjande åra introduserte han sin Ball Chair, ei hol kule på ein fot som var open til den eine sida slik at eit menneske kunne sitje inne i den.

Den liknande Bubble Chair var gjennomsiktig og hang frå taket. Andre innovative møblar var den flytande Pastil Chair og Tomato Chair. the Screw Table, som såg ut som eit skru som var driven ned i underlaget. Denne fekk han den amerikanske industridesignprisen for I 1968.

Aarnios design var ein viktig del av 1960-talets populærkultur og kunne ofte blir sett som interiør I sci-fi-film. I Aarnios seinare arbeid bytte han ut fiberglas (som var helsefarlig under produksjonen) med tryggare plasttypar. Han heldt fram med å produsere ny design og også leiker for born.