Stiftinga Sunnmøre Museum er ei samling på 13 museum. Vi fortel om natur, liv og arbeid på Sunnmøre gjennom 10.000 år.

Klikk på namnet til det museet du ønskjer informasjon om og les meir om museets varierte tilbod.

 

Nytt frå musea


Sykkylven Naturhistoriske Museum
Spennande "Naturhistoriske dagar"

Torsdag 2. , fredag 3. og søndag 5. september ønskjer vi velkommen til spennande dagar med eit "naturmanfoldig" program. 

Bli med på flaggermus-safari i Tafjorden, figurteateret "Rødhette og ulven" eller fjøredag med naturekspertane Jan Einarsen og Alv Ottar Folkestad!

Her vert det mykje kjekt å oppleve og lære! Sjå Sykkylkven Naturhistoriske Museum for detaljert program.

|Mer

Ytste Skotet
Matfestival på Ytste Skotet

Søndag 5. september set vi fokus på tradisjonsmat og sjølvberging her på Ytste Skotet! 

Denne dagen blir det baka, safta, sylta og koka søst. Vi skal fiske i fjorden, starte kvenna, lage smør - og sidan vi driv med utmarksslått skal vi gå me slåttemat til dugnadsfolket. Sjølvsagt blir det smaksprøver av mykje forskjellig.

For meir informasjon sjå Ytste Skotet si heimeside

|Mer

Sunnmøre Museum
Draktregistrering på Sunnmøre

Bunadsnemda for Sunnmøre inviterar til draktregistrering i veke 35. Husflidslag, ungdomslag, bygdekvinnelag, sogelag og andre som har interesse for bunad oppmodast til å ta kontakt.

Registreringa er i regi av Bunad- og folkedraktrådet (BF), der seksjonsleiar Anne Kristin Moe, vil være tilstades. BF vil besøke bygdene Ørskog, Stordal, Sykkylven og Stranda/Hellesylt.

|Mer



Klikk på ikonet for RSS.

 


Musea i Stiftinga:




Ein del av Kystverkmusea: