Volda Bygdetun, Volda

Volda Bygdetun har over 20 hus ordna som ein vanleg sunnmørsgard frå midten av 1800-talet. Her kan ein sjå korleis folk har budd, jobba og levd før i tida. Det eldste huset er ei sengjabud (loft) frå 1500-talet. Eit skulehus med ei stor samling av gamalt skuleutstyr høyrer også til i bygdesamlinga. Tunet ligg vakkert til ved foten av Rotsethornet og med utsikt over fjorden. I tillegg til husa på Haueleite har Volda Bygdetun også Garverimuseet nede ved fjøra og Mylnefallet på Øvre Rotset.

 

 

Musea på Sunnmøre sett inn ekstraordinære tiltak på dei ulike arenaane for å bidra til å redusere risikoen for spreiing av koronaviruset. Vi legg vekt på å følgje dei til ei kvar tid gjeldande råda frå Folkehelseinstituttet (FHI).

 

MEIR OM VOLDA BYGDETUN, VOLDA