MØBELMUSEET, SYKKYLVEN

Zig Zag Stoel. Design: Gerrit Rietv

 

Gerrit Thomas Rietveld (1888 - 1964) var ein nederlandsk designar og arkitekt. Han var ein av dei fremste medlemmene i den nederlandske kunstnarrørsla som gjekk under namnet De Stijl og seinare knytt til ei retning innan funksjonalismen som kalla “Nye sakligheit”. Han arbeidde mykje med å designe møblar som god og funksjonell form lett kunne masseproduserast.

Historikk: Gerrit Rietveld vart fødd i Utrecht og forlet skulen som 11-åring for å bli lærling hos faren. Han gjekk kveldsskule og i 1911 hadde han si eiga møbelforretning. Han hadde lært seg teikning, måling og modellarbeid og han kom I gang med ein verkstad der han laga skåp.

Rietveld teikna sin kjende Raud og blå stol i 1917. Han håpa på at mange av møblane hans kunne bli masseproduserte heller enn å bli laga I verkstader. Derfor arbeidde han for enkel konstruksjon. I 1918 opna han sin eigen møbelfabrikk og endra fargane på stolen etter å ha blitt influert av De Stijl-rørsla. som han hadde blitt medlem av same året som han byrja som arkitekt

Kontaktane I De Stijl gav han også høve til å stille ut utanlands. I 1923 inviterte sjølvaste Walter Gropius Rietveld til Bauhaus. Han teikna si første bygning, Rietveld Schrøder Hausi Utrecht i 1924, i tett samarbeid med eigaren Truus Schrøder-Schräder. Det hadde vanleg grunnetasje.men i andre etasje var det lause vegger som gjorde det mogleg å å endre rominndelinga. Designet verka som eit tredimensjonaltMondrian-bilde. Huset kom på verdsarvlista til Unesco i 2000. Arbeidet med Schrøder-huset førte til sterk påverknad på dottera til Truus, Han Schrøder, som vart ein av dei første kvinnelege arkitektane i Nederland.

Rietveld braut med 'De Stijl' i 1928 og vart knytt til i meir funksjonalistisk retning som er kjend anten som Nieuwe Zakelijkheid eller Nieuwe Bouwen. Same året vart han medlem av den internasjonale samanslutninga for moderne arkitektar. Frå seint tjuetal var dei opptekne med sosial bygging, og la vekt på å bruke rimeleg produksjonsmetodar, nye materialar, prefabrikerte element og standardisering.

I 1927 eksperimenterte han alt med prefabrikerte betongdragarar, som var svært uvanleg på den tida. I tjue og trettiåra km alle hans oppdrag frå private og det var ikkje før I 1950-åra at det vart mogleg å setje ideane om sosiale bygging inn i praksis med prosjekt i Utrecht og Reeuwiijk.

Rietveld teikna Zig-Zag.stolen i 1934 og sette I gang med å teikne Van Gogh-museet i Amsterdam, som først vart ferdig etter hans død. Rietveld presenterte ei retrospektiv utstilling om De Stijl i Amsterdam, Venezia og New York. Interessa for arbeida hans fekk nytt liv og dei neste åra fekk han mange prestisjefylte oppdrag, som den hollandske paviljongen på Venezia-biennalen, (1953), kunstakademiet I Amsterdam og Arnheim og presserommet i Unesco-bygningen i Paris. I 1961 Rietveld vart han partner med arkitektane Johan Van Dillen and J. Van Tricht og dei bygde hundrevis av rimeleg heimar for vanlege folk, mest I Utrecht.

Litteratur:

Gerrit Rietveld Museum of Modern Art, New York.

Fleming, John, et al. (1972) The Penguin Dictionary of Architecture; 2nd ed. Harmondsworth:

Alice Rawthorn (October 17, 2010), Design’s Odd Man Out Gets Moment in the Sun New York Times.

Penguin; pp. 237-38

Red Blue Chair (1923) Museum of Modern Art, New York.

Rita Reif (October 13, 1988), Rietveld, an Esthetic Wellspring New York Times

"Han Schroeder:Architectural Papers, 1926-1998", International Archive of Women in Architecture. Retrieved 28 February 2012.

Gerrit Rietveld - Biography Van Gogh Museum, Amsterdam.

Sculpture Garden at the Kröller Müller Museum

Gerrit Rietveld - Biography Van Gogh Museum, Amsterdam.

Fleming, John, et al. (1972) The Penguin Dictionary of Architecture; 2nd ed. Harmondsworth: Penguin; pp. 237-38

History of the Academy Gerrit Rietveld Academy, Amsterdam.

Rietveld’s Universe - Rietveld, Frank Lloyd Wright, Le Corbusier, Theo van Doesburg, 20 October 2010 - 13 February 2011 Centraal Museum, Utrecht.