MØBELMUSEET, SYKKYLVEN

Taliesin West Armchair. Design: Fra

 

Frank Lloyd Wright (1867 – 1959) var nyskapande arkitekt og designar frå USA. Han prøvde å utvikle ein eigen amerikansk funksjonalisme og teikna ikkje berre husa, men også interiør og møblar til husa. Slik vart han også ein viktig møbeldesignar.

Historikk: Frank Lloyd Wright vart fødd i Richland Center i Wisconsin og flytta til Madison i Wisconsin då han var 12. Somrane var han gjerne hos onkelen i Spring Green og drøymde om arkitektur. I 1885 reiste han frå Madison utan å fullføre high school for i staden å arbeide for Allan Conover ved universitetet Wisconsin Engineering Departement. Han studerte til sivilingeniør i to år ved universitetet før han flytta til Chicago i 1887. Der konstruerte si første bygning, som var Lloyd-Jones-familiens familiekapell.

Eitt år seinare arbeidde han for arkitektfirmaet Adler og Sullivan. Han overtok Sullivans valspråk “Form følgjer funksjon” og lanserte sitt eige. “Form og funksjon er eitt”. Amerikansk arkitektur skulle baserast på amerikansk funksjon og ikkje europeiske tradisjonar, meinte Sullivan. Det vart ein inspirasjon for Lloyd Wright. Han flytta seinare til Oak Park, Illinois og opna sitt eige firma i Chicago i 1893. Dei første husa han tenkte avslørte eit unikt talent. Dei hadde sin eigen stil, dei var bygde i naturmaterialar og aldri måla. Han sette inn store peisar av stein eller murstein i hjartet av huset.

I 1909, etter atten år i Oak Park, flytta han til Tyskland i to år og vart seinare buande i Spring Green i fødestaten Wisconsin. Her konstruerte han sitt hus som han kalla Taliesin med alt innbu. Tragedien ramma då ein sinnsforvirra tenar drap kona og seks andre og sette fyr på eigedommen. Mange trudde dette kom til å bety slutte på karrieren for arkitekten, men han gjekk i gang med å byggje opp att huset.

Dei neste tjue åra auka hans popularitet i USA og Europa, I 1915 fekk han oppdraget med å teikne The Imperial Hotel i Tokyo. På denne tida utvikla og raffinerte sine arkitektoniske og sosiologiske filosofi. Wright likte ikkje urbanitet og han utvikla også bygningane sine på ein måte som var veldig forskjellig frå andre av tida s arkitektar. Han brukte naturmaterialar, skylights og glasvegger for å omfamne naturen. Han bygde skyskraparar som herma etter forma på tre med ein sentral stamme og mange greiner som strekte seg utover. Han slo fast at former som fanst i omgjevnadene ikkje berre skulle integrerast, men skulle vere basis i amerikansk arkitektur. Eit godt eksempel er Larkin Company Administration Building i Buffalo, New York (1903) og Guggenheim-museet i New York (1943) som hermar linene i eit skjell eller ein snigel.

I 1932 opna han heimen Taliesin opp som eit arkitektonisk møteplass der unge studentar kunne arbeide og lære av han. 20 lærlingar kom til han og arbeidde saman med han. Her skapte han meisterstykke som Falling Water i Mill Run og S. C. Johnson and Sons Wax Company i Racine, Wisconsin. Då han døde hadde han totalt skapt 1141 ulike design, i form av hus og møblar og innbu.