MØBELMUSEET, SYKKYLVEN

Stuhl W 1. Design: Mart Stam 1926

Mart Stam (1899 - 1986) var ein nederlandsk arkitekt, byplanleggjar og framtidsdesignar.

 

Han hadde gode kontaktar og gjennom karrieren kom han I nær kontakt med viktige hendingar i arkitekturhistoria på 1900-talet, medrekna Bauhaus, Weissenhof-godset og Van Nelle-fabrikken, eit imponerande modernistisk landemerke I Rotterdam. Han var også med på å byggje Ernst Mays Neue Frankfurt bustadprosjekt.

Historikk: Martinus Adrianus Stam vart fødd I Purmerend I Neerland. Etter vanleg skulegang kom han inn på Rijksnormaalschool for Teekenonderwijzers, der han gjekk mellom 1917 and 1919. Seinare tok han til som teiknar ved eit arkitektfirma I Rotterdam. Vi kan forandre verda, var slagordet hans på den tida og resten av livet brukte han til nettopp det.]

I 1920 vart Stam arrestert for å ha nekta militærteneste. Han vart sett fri to år seinare. Same året fekk han sitt første store oppdrag etter ein konkurranse – han vart utnemnt til å lage ein byutviklingsplan for Haag. Dette året flytta Stam til Berlin der han arbeidde med å utvikle sin nye objektivitet som arkitekt. I løpet av ein treårsperiode hadde han hatt suksess i to store arkitektfirma, Bureau Granpré Molière og To Van der Mey. Det første store oppdraget I Berlin fekk han I eit prosjekt under den kjende arkitekten Max Taut. Stam fekk I oppdrag å teikne ei rekkje bygningar rundt om I Tyskland og han assisterte Taut i arbeidet med bygningen til den tyske fagforeiningsføderasjonen i Düsseldorf.

På denne tida, arbeidde han også med den russiske avantgarde-arkitekten El Lissitzky. Desse to sto bak den slåande designen som prega Volkenbügel, (jarnskya) ein T-forma skyskrapar som var støtta av tre metallinnramma søyler. Sjølv om han aldri vart bygd, sto denne bygningen i kontrast til den vertikale byggjemåten i skyskraparane i Amerika. Volkenbügel hadde berre moderat høgd, men utvida seg eit stykke over bakken for å ikkje legge beslag på for mykje tomteareal. Dei tre søylene sto på tre ulike gatehjørne og dekte eit kryss.(Sjå bilde på framsida av Adolf Behne's book, Der Moderne Zweckbau )

Etter at han flytta til Berlin, teikna han også ein stålrørsstol som brukte standard gassrør og standard samanføyingar. Ludwig Mies van der Rohe oppdaga denne stolen medan han planla Weissenhof Siedlung og nemnde det for Marcel Breuer ved Bauhaus. Dette førte nesten straks til variasjonar over stålrørsstolen både hos Mies van der Rohe and Marcel Breuer og vart starten på ein heil sjanger innan stoldesign. Sist i tjueåra rauk til og med Breuer and Stam i hop i retten over patentrettar. Stam gjekk sigrande ut, og sidan den gong har ofte Breuer-stolar ofte blitt feilaktig kreditert Stam. I USA selde Breuer rettane til sin design til Knoll og av den grunn kan ein finne identiske stolar som er tilskrivne Breuer i USA og Stam i Europa.

I 1930 vart Stam av dei 20 topparkitektar og byplanleggarar som på oppmoding frå byplanleggjaren Ernst May reiste saman til Stalin og Sovjetunionen for å skape ei rekkje nye byar, medrekna Magnitogorsk. I May-brigaden var arkitekten Margarete Schütte-Lihotzky, ektemannen Wilhelm Schütte, Arthur Korn, Erich Mauthner and Hans Schmidt. Stam reiste over i februar 1931 og deltok blant anna i byplanen for Makeyevka i Ukraina i 1932 og han arbeidde i Orsk saman med venen Hans Schmidt og Bauhaus student-studenten og den framtidige kona hans, Lotte Beese. Han arbeidde også med utforminga av kopargruvebyen Balgash.

Stam kom tilbake til Nederland i 1934. Han vart direktør for Institutt for industrikunst i Nederland. From 1948 to 1952 flytta han til Tyskland der han tok del i gjenreisinga. I 1948 tok han imot eit professorat ved Akademiet for bildande kunst i Dresden og kjempa for ein moderne og streng struktur for dei øydelagde bylandskapa etter krigen. Han møtte stor motstand. Dei fleste innbyggjarane var imot planane hans fordi han fjerna landemerke og øydela identiteten til heimbyen deira, tykte dei. I 1950 vart Mart Stam direktør for Advanced Institute of Art i Berlin.

Litteratur:

Werner Moller (1997): Mart Stam, 1899-1986: Architekt, Visionar, Gestalter: Sein Weg Zum Erfolg, 1919-1930, Wasmuth, Berlin ISBN 978-3-8030-1201-2

  1. Oorthuys (1970): Mart Stam: Documentation of His Work, 1920-70, RIBA Enterprises, London, ISBN 0-900630-11-6

Gerard Hadders (1999): Mart Stam's Trousers: Crimson Speaks with Michael Speaks and Gerard Hadders, ISBN 90-6450-344-3, ISBN 978-90-6450-344-3

Kees Broos, Paul Hefting (1997): Dutch Graphic Design: A Century, The MIT Press, ISBN 978-0-262-52250-2

Simone Ruemmele (1994): Mart Stam, Birkhauser Verlag, ISBN 978-3-7643-5573-9

Sima Ingberman (1994): ABC: International Constructivist Architecture, 1922-1939, Mit Pr, ISBN 0-262-09031-7