MØBELMUSEET, SYKKYLVEN

Stuhl No.14. Design: Thonet 1859/60

Michael Thonet ( 1796 - 1871),tysk-austerriksk møbelsnikkar som sette i gang med å produsere lette og slitesterke stolar av bøygd tre som vart populære både i heimar, offentleg miljø og i kafear.

 

Den mest kjende stolen, - kaféstolen – vart det produsert 50 millionar av over heile Europa av fram til 1930. Han blir kalla “stolanes stol”.

Historikk: Michael Thonet gjekk I snikkarlære og lørte møbelsnikkarfaget frå grunnen. Han opna sin eigen verkstad i 1819. Eitt år seinare gifte han seg med Anna Grahs som han etter kvart fekk sju søner og seks døtrer med.I 1830-åra byrja Thonet å prøve seg fram med møblar av limte og bøygde trestavar. Den første suksessen hans var Bopparder Schichtholzstuhl (Boppard layerwood chair) in 1836. Thonet vart meir sjølvstendig etter at han i 1837 kjøpte opp Michelsmühle, limfabrikken som leverte limen til produksjonen hans. Metoden hans gjorde det mogleg å bøye trestavar ved hjelp av press og damp. Slik kunne han byggje elegante, lette, slitesterke og komfortable møblar som passa godt med moten – eit kraftig brot med den tunge, utskorne stilen som hadde vore einerådande tidlegare.

Det gjekk ikkje strykande frå starten. Han mislukkast i å få patent på framstillingsmåten I Tyskland (1840). Han søkte og fekk avslag også i Storbritannia, Frankrike og Russland året etter. Men på handelsmessa i Koblenz i 1841 møtte Michael Thonet den austerrikske prinsen Klemens Wenzel von Metternich, som vart begeistra og inviterte han til hoffet i Wien. Neste år kunne Thonet presentere møblane sine for den keisarlege familien.

Boppard-selskapet fekk økonomiske vanskar. Thonet selde seg ut og emigrerte til Wien med familien. Her arbeidde han saman med sønene sine med interiøra i Liechtenstein-palasset. I Wien skipa han på nytt si eiga bedrift, denne gongen Gebrüder Thonet, som i 1850 blant anna produserte den kjende Stol No.1. På Verdsutstillinga i London fekk han bronsemedalje for sine Vienna bentwood chairs.

Dette vart det internasjonale gjennombrotet. På den neste verdsutstillinga I Paris I 1855, fekk han sølvmedalje for dei forbetra produksjonsmetodane sine. In 1856 opna han ein ny fabrikk i Moravia, der det var godt om trematerialar. I 1859 kom Stol nr. 14 – betre kjend som Konsumstol nr. 14 eller kafestol no. 14. Thonet-selskapet fekk gullmedalje for denne stolen på verdsutstillinga i Paris i 1867. Då Michael Thonet døydde I 1871 in Wien, hadde selskapet Fa. Gebrüder Thonet utsal over heile Europa og I Chicago og New York..

Bibliografi:

Albrecht Bangert: Thonet Möbel. Bugholz-Klassiker von 1830-1930. Heyne, München 1997, ISBN 3-453-13047-2

Hans H. Buchwald: Form from Process. The Thonet chair. Carpenter Center for the Visual arts, Cambridge Mass. 1967.

Danko, Peter. Thoughts on Thonet - "Fine Woodworking" January/February 1985: 112-114.

 

Del Ducca, Giuseppe. Michael Thonet. 9 November 1999. [1] (11/9/99)

 

Andrea Gleininger: Der Kaffeehausstuhl Nr. 14 von Michael Thonet. Birkhäuser, Frankfurt/M. 1998, ISBN 3-7643-6832-2

 

Galerie Thonet." Galerie Thonet. 8 November 1999. [2] (11/8/99)

Heinz Kähne: Möbel aus gebogenem Holz. Ein Blick in die Sammlung der Stadt Boppard. Boppard 2000.

Heinz Kähne: Thonet Bugholz-Klassiker. Eine Einführung in die Schönheit und Vielfalt der Thonet-Möbel. Rhein-Mosel Verlag, Briedel 1999, ISBN 3-929745-70-4.

Labelart WebPage design. Thonet Vienna-Chair No. 14. 9 November 1999. [3]

Brigitte Schmutzler: Eine unglaubliche Geschichte. Michael Thonet und seine Stühle. Landesmuseum, Koblenz 1996, ISBN 3-925915-55-9.

Reider, William. Antiques: Bentwood Furniture. Architectural Digest August 1996: 106-111.

Thonet. American Craft December 1990: 42-45.

Thonet. Gebrüder Thonet GmbH. (11/9/99)

Alexander von Vegesack: Thonet: Classic Furniture in Bent Wood and Tubular Steel. Rizzoli, New York, 1997, ISBN 0-8478-2040-8

Renzi/Thillmann: sedie a dondolo Thonet - Thonet rocking chairs, Silvana Editoriale, Milano 2006, ISBN 88-366-0671-7I.

Lara, Natascha/Thillmann, Wolfgang: Bugholzmöbel in Südamerika – Bentwood furniture in South America – Muebles de madera curvada, La Paz 2008

Thillmann, Wolfgang: / Willscheid, Bernd, MöbelDesign - Roentgen, Thonet und die Moderne, Roentgen Museum Neuwied, Neuwied 2011, ISBN 978-3-9809797-9-5.