MØBELMUSEET, SYKKYLVEN

Standard Chair. Design: Jean Prouvé

 

Jean Prouvé ( 1901 – 1984), fransk metallarbeidar, sjølvlært arkitekt og designar. Han dreiv med arkitektur, industridesign, strykturell design og møbeldesign

Historikk: Jean Prouvé vart fødd i Nancy i Frankrike som den andre av i alt sju born av kunstnaren Victor Prouvé og pianisten Marie Duhamel. Prouvé-familien høyde til ein livleg artistisk sirkel, der også glaskunstnaren Emile Gallé og møbeldesignaren Louis Majorelle var med.

Etter skulen var Prouvé først lærling hos smeden Emile Robert, deretter arbeidde han i ei smie i Szabo. I Nancy opna han den første av det som skulle bli ei rekkje smier som produserte jarnlampar, lysestakar og rekkverk før han også byrja å designe møblar. Han slutta seg manifestet “Logisk, balansert og reint”

Han opna det godt likte "Ateliers Jean Prouvé" in 1931 og byrja å samarbeide med den franske arkitekten Eugène Beaudoin and Marcel Lods om prosjet som Maison du Peuple I Clichy, ein flyklubb og ein militærleir. Han samarbeidde også med Charlotte Perriand and Pierre Jeanneret om møbeldesign. Krigen førte til ein utvida marknad for syklar og ein spesiell omn som kunne bruke all slags brensel. Dette var produkt han produserte. Han var også med i motstandsrørsla La Resistance. Etter krigen vart han ordførar I Nancy på grun nav krigsinnsatsen sin.

I 1971 sat Jean Prouvé som president I juryen som skulle bestemme design for Pompidou-senteret I Paris. Han spela ei viktig rolle då arkitektane Richard Rogers and Renzo Piano vart valde. Han samarbeide ofte med andre, dei mest kjende er Charlotte Perriand og Pierre Jeanneret. Han tok avstand frå stålrørteknikken i møbelproduksjonen og hadde meir tru på bøygd og komprimert flatmetall. Han utvikla også ideen om nomade-arkitektur der han samanlikna ein stol med eit hus og konstruerte begge slik at dei lett skulle kunne flyttast.