MØBELMUSEET, SYKKYLVEN

Ribbon Chair. Design: Pierre Paulin

 

Pierre Paulin (1921 – 2009) arbeidde som interiørdesignar i bilindustrien (Citroën) I tillegg til å formgi ulike elektriske apparat for Ericsson and Calor, innpakning for Dior og logoar for Musée d’Orsay in Paris. Sidan seint på femtitalet har han vore involvert i møbeldesign.

Historikk: Først med stoppa stolar laga av laminert tre på krombein for den hollandske produsenten Artifort. I 1966 teikna han den mest kjende stolen sin, den stabelbare “No. 577”, også for Artifort.

Dei ekstremt låge seta indikerte eit anna syn på livet på slutten av sekstitalet. Sitting skulle ikkje lenger vere noko oppreist og statisk, men skulle gi høve til å sitje i mange ulike stillingar. Dei tradisjonelle møblane vart skifta ut med djupe låge møblar. Denne utviklinga vart stimulert av at ein fekk rimeleg polyuretan-skum. Saman med den elastiske nylon-jerseyen kunne ein no dekkje komplekse tredimensjonale former utan rynker og utan dyr tilpassing. Forma på møbelet var ikkje lenger avgrensa av materialkvaliteten. Stoppmøbel-prosessen vart drastisk forenkla, noko som førte til lågare produksjonskostnader.

I “No. 577” demonstrerer han den nye produksjonsteknologien. Stolen kan også stablast og trekket kan fjernast ved å opne glidelåsen på undersida. I 1969 fekk Paulin æra av å møblere privathusværa i I Elysee-palasset av Mobilier National, den franske statens råd for å utvikle møbeldesignen. I 1970 designa Paulin møblane for den franske paviljongen I Verdsutstillinga I Osaka. Der fekk nr 577 tilnamnet Osaka. Den vart også kalla Tunga fordi det kan sjå slik ut framanfrå.