MØBELMUSEET, SYKKYLVEN

RAR. Design: Ray & Charles Eames 19

 

Charles and Ray Eames var amerikanske designarar som har sett djupe spor etter seg i moderne arkitektur og møbeldesign. Dei arbeidde også med industridesign og grafisk design, kunst og film.

Historikk: Charles Eames Jr. (1907 – 1978) vart fødd I St. Louis, Missouri i USA. Då han var 14 år, og gjekk på high school arbeidde han samtidig deltid I eit stålselskap, lærte teknisk teikning og ble interessert i arkitektur. Han studerte arkitektur ved Wash. University i St. Louis i to år. Det har blitt hevda at han måtte slutte fordi han var tilhengar av Frank Lloyd Wright sine moderne idear. Ved universitetet møtte han ho som skulle bli hans første kone,Catherine.I 1930 byrja han sin eigen praksis saman med Charles Gray og Walter Pauley.

Charles Eames was sterkt påverka av den finske arkitekten Eliel Saarinen (far til Eero, også arkitekt, som vart partnar and ven. Han vart invitert til Michigan av Saarinen for å studere arkitektur ved Craanbrook Academy of Art og her vart han etter kvart også leiar for avdelinga for industridesign. Han søkte om støtte til eit arbeid på hamneområdet i St. Louis og saman med Eero Saarinen tok han prisen i ein møbeldesignkonkurranse ved New York's Museum of Modern Art (Organic Design in Home Furnishings" competition).

I 1941 gifte han seg med Ray Kaiser frå Cranbrok og dei flytta saman til Los Angeles, California, der dei skulle arbeide og bu for resten av livet. Ray and Charles designa og bygde det nyskapande Eames House til seg sjølve. Det ligg på ei klippe med utsikt over Stillehavet og vart montert saman av prefabrikerte ståldelar. Huset er rekna som eit vegmerke i utviklinga av moderne arkitektur.

Ray-Bernice Alexandra Kaiser Eames (1912 – 1988) var ein amerikansk kunstnar,designar og filmskapar som saman med ektemannen Charles har gjort mange klassiske og ikoniske designoppgåver. Ho var fødd i Sacramento, California. Ho tok eksamen frå Bennett Women's College in Millbrook, New York, studerte ekspresjonistisk målarkunst med Hans Hoffmann og var grunnleggjar av den abstrakte kunstargruppa Abstract Artists Group i 1936. Ho stilte ut eitt år seinare ved Riverside Museum in Manhattan. Eitt av måleria er stilt ut i den permanente utstillinga ved Whitney Museum of American Art.

I September 1940 byrja ho å studere ved Cranbrook Academy of Art in Bloomfield Hills, Michigan. Ho møtte Charles Eames medan ho gjorde klar teikningar og modellar for the Organic Design in Home Furnishings-konkurransen og dei gifte seg året etter. I 1943, 1944, and 1947, laga ho ei rekkje omslag for magasinet Arts & Architecture. Seint i 40-åra gjorde ho også tekstildesign i ein serie der også Salvador Dalo og Frank Lloyd Wright var med.

I femtiåra arbeidde Eames-paret med moderne arkitektur og møbeldesign. Slik som med dei tidlegare formpressa laminatmøblane, eksperimenterte dei også med fiberglas and plast i stolar og stålnett for produsenten Herman Miller. Frå starten var det helst Charles Eames som er kreditert møbeldesign, men det er likevel klart at Ray var djupt involvert og burde heile tida vore oppført som medskapar. Tekstilane var stort sett designa av Ray. I 1979, fekk designarparet gullmedalje frå Royal Institute of British Architects. Då Charles døydde, arbeide dei med sitt siste product, Eames-sofaen, som kom i produksjon i 1984.

Teiknekontoret til Charles and Ray Eames, som var I drift i meir enn 40 år, knytte til seg ei rekkje dyktige designarar, som Henry Beer, Richard Foy, Don Albinson, Deborah Sussman; Harry Bertoia and ikkje minst Gregory Ain, som var sjefsingeniør ved kontoret under krigen. Mellom dei mange viktige designstykke er den pressforma kryssfinerstolen DCW (Dining Chair Wood) and DCM (Dining Chair Metal with a plywood seat) (1945), Eames Lounge Chair (1956), the Aluminum Group furniture (1958) the Eames Chaise (1968), som vart designa til venen og filmdirektøren Billy Wilder, og den leikne Do-Nothing Machine (1957), eit tidleg solenergieksperiment og ei rekkje leiker for born.

Verkliste:

Hus: Eames House entry (Case Study House 8),Sweetzer House (between 1930–33),St. Louis Post-Dispatch model home (193?),St. Mary's Church (Helena, Arkansas) (1934)St. Mary's Church (Paragould, Arkansas) (1935) Dinsmoor House (1936) Dean House (193?) Meyer House (1938) Bridge house (Eames-Saarinen) (1945) Entenza House (1949)Eames House (1949)Sax De Pree House (1954)

Utvalde filmar: Traveling Boy (1950)Blacktop: A Story of the Washing of a School Play Yard (1952)Parade Parade Or Here They Are Coming Down Our Street (1952)A Communications Primer (1953)House: After Five Years of Living (1955)Day of the Dead (1957)Toccata for Toy Trains (1957)Kaleidoscope Jazz Chair (1960)IBM Mathematics Peep Show (1961), short documentary based on Mathematica: A World of Numbers... and Beyond exhibit by Eames Powers of Ten (1968, rereleased in 1977)Image of the City (1969)Banana Leaf (1972)Fiberglass Chairs:SX-70, promotional announcement/documentary of the Polaroid Corporation SX-70 instant camera Eames Lounge Chair.

Møbeldesign: Kleinhans Music Hall Chair (1939–40) Charles Eames, Eero Saarinen, Eliel Saarinen

Conversation Armchair (1940) Charles Eames & Eero Saarinen

Side Chair (1940) Charles Eames & Eero Saarinen, Molded.

Plywood Pilot's Seat (1943) Charles & Ray Eames and staff.

Prototype Plywood and Metal Chairs (various models) (1943-1946) Charles & Ray Eames and staff.

Molded Plywood Elephant (1945) Charles & Ray Eames and staff.

Lounge Chair Wood or LCW (1945-1946) Charles & Ray Eames and staff.

Lounge Chair Metal or LCM (1945-1946) Charles & Ray Eames and staff.

Dining Chair Wood or DCW (1945-1946) Charles & Ray Eames and staff.

Dining Chair Metal or DCM (1945-1946) Charles & Ray Eames and staff.

Molded Plywood Folding Screen (1945-1946) Charles & Ray Eames and staff.

Molded Plywood Coffee Table wood or metal legs (1945-1946) Charles & Ray Eames and staff.

"Donstrosity" prototype lounge (1946) Charles & Ray Eames and staff.

Prototype Plywood Lounge with metal base (1946) Charles & Ray Eames and staff.

Prototype Stamped Metal Chairs (1948) Charles & Ray Eames and staff

La Chaise prototype (1948) Charles & Ray Eames and staff

Molded Plastic & Fiberglass Armchair Shell various bases (1948-1950) Charles & Ray Eames and staff

Molded Plastic & Fiberglass Side Chair Shell various bases (1948-1950) Charles & Ray Eames and staff

Molded Plastic & Fiberglass Rocking Chair or DAR (1948-1950) Charles & Ray Eames and staff

Wire Mesh Side Chair or DKR (1951) Charles & Ray Eames and staff

Hang-It-All (1953) Charles & Ray Eames and staff

670 & 671 or Eames Lounge & Ottoman (1956) Charles & Ray Eames and staff

Leisure Group (later Aluminum Group): High Back Lounge, Low Back Lounge, Dining Side Chair (1958) Charles & Ray Eames and staff