MØBELMUSEET, SYKKYLVEN

Nr. 41. Paimio. Design: Alvar Aalto

Hugo Alvar Henrik Aalto (1898 – 1976) var ein finsk arkitekt og designar. Arbeidet hans spenner over arkitektur, møblar, tekstilar og glasvarer. Han var aktiv frå 1920-talet til 1970-talet og han var innom nordisk klassisime dei første åra før han gradvis gjekk over ein rasjonell modernistisk stil i trettiåra og til meir organisk modernistisk stil frå 1940 og framover. Typisk for heile livet hans er den store interessa for design som eit gesamtkunstverk, ei total form for kunst. Alvar Aalto-museet, som han sjølv teikna, i Jyväskylä i Finland er eit godt eksempel på kva han stod for..

Historikk: Hugo Alvar Henrik Aalto vart fødd I Kuortane, Finland. Då han var fem år gammal, flytte familien til Alajärvi, og derifrå til Jyväskylä midt i Finland.

Han gjekk på gymnaset og studerte deretter arkitektur i Helsinki. Då han flytta tilbake til Jyväskylä in 1923 opna han sitt eige arkitektkontor. Aalto arbeidde då med eit større tal enkeltfamiliehus, alle designa I klassisk stil, som det herregardliknande huset for slektningen Terho Manner in Töysa in 1923, eit sommarhus i 1923 og våningshuset på Alatalo-garden i Tarvaala in 1924. I denne perikoden gjorde han også ferdig si første offentlege bygning, Jyväskylä arbeidarklubb in 1925. Aalto var også med I ei rekkje arkitektkonkurransar for prestisjetunge statlege bygningar både i Finland. Dette var også den tida då Alto var ivrigast som skribent.

Hans design utvikla seg frå klassisisme til modernisme og dette kan ein sjå spor av i arbeidet med Viipuri-biblioteket (1927–35). Han nærma seg oppgåva gjennom ei konkurranse i klassisk stil men det utvikla seg under vegs til ein høgmoderne bygning. Interiøret i naturmaterialar og varme fargar prega bygningen.

Gjennom Sven Markelius vart Aalto medlem av Congres Internationaux d'Architecture Moderne (CIAM) og han var med på den andre kongressen I Frankfurt in 1929 og den fjerde kongressen I Aten i 1933. Her utvikla han god venskap med László Moholy-Nagy, Sigfried Giedion and Philip Morton Shand. Han følgde også godt med kva den drivande krafta I modernismen, Le Corbusier, gjorde i Paris og vitja han fleire gongar.

Det var ikkje før han var ferdig med Paimio Sanatorium (1929) and Viipuri-biblioteket (1935) at Aalto først vart verdskjend. Ryktet hans voks i USA då han fekk ros av kritikarane for den finske paviljongen på verdsutstillinga i 1939, eit verk som Frank Lloyd Wright karakteriserte som eit "work of genius”. Aaltos eksperiment med tre. Han vende seg frå modernist-puristane då han fekk i oppdrag å teikne Villa Mairea (1939) i Noormarkku, luksusheimen til det unge industrialistparet Harry and Maire Gullichsen. Bygninga formar ein U rundt ein indre hage med nyreforma symjebasseng.

I 1941 tok han imot ein invitasjon som visiting professor ved MIT, Massachusetts USA. Der han ikkje berre underviste, men også teikna eitt av studenthusa. Tidleg på sekstitalet og på syttitalet teiknar han ei rekkje nøkkelbygningar i Helsinki. Han dreiv også med bildekunst, men understreka at maleria ikkje var tenkte som individuelle kunstgjenstandar, men som del av ein prosess som fr å prøve ut skulpturelle element. Det førte også til ei rekkje patent, blant anna ein ny type kryssfiner til bruk i møblar i 1932. Eksperimenta var influert av Bauhaus-krinsen, spesielt László Moholy-Nagy, som han først hadde møtt I 1930.

Møblane hans vart stilte ut i London i 1935, til stor suksess. For å greie etterspørselen skipa dei firmaet Artek same året. Glaskunsten til Aalto vart selt gjennom Ittala. 'High Stool' and 'Stool E60' (seld gjennom Artek) i svart lakk er for tida inventar i Genius Bars I Apple-butikkane.

Møblar: Armstol 400 med reinsdyrskinn, 1932: Paimio-stolen, 1933: Trebeina stablestol 60.1933: Firebeina stol E60, 1935-6: Armstol 404 (a/k/a/ Zebra Tank Chair)1939:Armstol 406, lampar, Golvlampe A805,1959: Golvlampe A810.

Litteratur:

Alvar Aalto. The Early Years Rizzoli: New York, 1984.

Alvar Aalto. The Decisive Years Rizzoli: New York, 1987.

Alvar Aalto. The Mature Years Rizzoli: New York, 1991.