MØBELMUSEET, SYKKYLVEN

Myren(Mauren /Ameise) Design: Arne

 

Arne Emil Jacobsen (1902 –1971) var ein dansk arkitekt og designar. Han er kjend for sitt bidrag til funksjonalismen i arkitekturen og hadde verdssuksess for enkel men effektiv stoldesign.

Historikk: Han vart fødd inn i ein øvre middelklasse med jødiske foreldre I København. Først ville han bli målar, men far hans overtalte han I staden på å satse på noko sikrare innanfor arkitektur. Han fekk plass på arkitektlina ved det kongelige danske kunstakademiet. Frå 1927 studerte han under Kay Fisker og Kaj Gottlob. Begge var leiande arkitektar og designarar.

Medan han enno var student, var han deltakar på Art Deco-messa I Paris og han fekk sølvmedalje for stoldesign. På denne turen vart han slått av estetikken i Le Corbusiers L'Esprit Nouveau-paviljong. Før han forlet kunstutdanninga, reiste han også til Tyskland, der han vart kjend med arkitektar som Mies van der Rohe and Walter Gropius. Deira arbeid fekk mykje å seie for hans tidlege design, også avgangsoppgåva hans, som var å teikne eit kunstgalleri. Oppgåva hans fekk gullmedalje.

Etter utdanninga fekk han arbeid hos byarkitekt Poul Holsøe I 1929, I samarbeid med Flemming Lassen, vann han Danske arkitektforbunds konkurranse for å ha designa Framtidshuset. Huset vart bygd i vart bygd i full skala til ei utstilling i Forum i København. Det var eit spiralforma hus med flatt tak i glas og betong med privat garasje og båthus. Andre slåande detaljar var vindauga som kunne rullast ned som bilvindauge, rørpost og eit kjøkken tilpassa ferdigvarer. Ein Dodge Coupé var parkert i garasjen, det var ein Chris Craft i båthuset og det var ein autogyro på taket. Slik fekk Arne Jacobsen ry for å vere ein ultramoderne arkitekt.

I åra etter medaljen for framtidshuset, etablerte Arne Jacobsen sitt eige teiknekontor, Han designa det funksjonalistiske Rothenborg-huset som han planla til minste detalj. Han vann også ei tevling for Gentofte kommune for å designe eit bustadkompleks i Klampenborg ved Øresund, litt nord for København. Dei ulike delane vart hans gjennombrot i Danmark og han var ein leiande talsmann for internasjonal moderne stil.

1932 var hans Bellevue sjøbad ferdig. Jacobsen designa alt frå dei karakteristiske blåstripa badevakttårna, kioskar og badehus til billettar, sesongkort og til og med uniformene til dei tilsette. In 1934 kom Bellavista bustadområde i betong, stål og glas, med mjuke overflater og løysingar med opne romløysingar utan ornament.

Han konstruerte også Bellevue-teatret, med eit tak til å slå saman slik at ein kunne ha framsyningar i friluft. Desse tidlege arbeida viser korleis han var påverka av Weissenhof Estate in Stuttgart. Dei kvite bygningane på Bellevue vart kalla "Draumen om ein moderne livsstil".Jacobsen designa også Stellinghuset på Gammeltorv, ein av dei historiske stadene I København. Sjølv om huset var diskret modernistisk, skreiv ei avis at Jacobsen burde ha vore livsvarig forvist frå arkitekturen. Saman med Erik Møller vann han konkurransen om å designe Århus rådhus, som det også vart mykje strid om.

Under verdskrigen i 1943 måtte han, på grunn av si jødiske avstamming, røme frå det okkuperte Danmark til Sverige. Han rodde over Øresund i ein liten båt. Då krigen var slutt, tok kunne reiste tilbake til Danmark og ta opp att arkitektkarrieren. Rødovre rådhus (1952 - 1956), viser kor godt Jacobsen kombinerte bruken av ulike materialar: sandstein, to typar glas, måla metall og rustfritt stål. Det vart også lagt merke til ei sentral trapp som heng frå taket i oransjeraude stenger. Munkegård-skulen er samansett av paviljongar knytte saman av glaskorridorar i eit rutemønster rundt ein liten uteplass.

Ved AS Royal Hotel, bygd frå 1956 to 1960, fekk Jacobsen høve til å gi form til det som hadde blitt kalla verdas første designarhotell. Han gav form til alt frå bygningane og møblementet til askebeger og flybussar. Han gjorde også ein del store oppgåver i Tyskland og fekk oppdraget som arkitekt for St.Catherine College i Oxford. Også her designa han alt inventar.Idag er Arne Jacobsen best kjend for sine møbeldesign, men han sjølv meinte han først og fremst var arkitekt. Han mislikte ordet designar. Ei viktig inspirasjonskjelde er pressforma plywood-møblar frå Eames. I 1951 skapte han Myren (Mauren) stol for Novo farmasøytiske fabrikk. 1955 kom Syver-serien.

Dei to andre kjende stolane Egget og Svanen vart skapte for SAS Royal Hotell. Han gjorde også design for Stelton, utstyrsproduksjonen bygd opp at fostersonen Peter Holm. Han designa også utstyr for baderom og kjøkken og Nasjonalbanken i Danmark. I følgje R. Craig Miller, forfattar av "Design 1935-1965, What Modern was: Jacobsen’s work "is an important and original contribution both to modernism and to the specific place Denmark and the Scandinavian countries have in the modern movement. One might in fact argue that much of what the modern movement stands for, would have been lost and simply forgotten if Scandinavian designers and architects like Arne Jacobsen would not have added that humane element to it".

Arne Jacobsen er kjend for sin sans for proposjonar. "Proposjonane er akkurat det som gjer det vakre egyptiske tempelet, og ser vi på dei mest berømte bygningane frå Renessansen og barokken vil vi sjå at dei er velproposjonerte. Det ein ein veldig grunnleggande ting”.

Verkliste møblar:

Myren/Ant chair (1952),

Syveren. Serie på 7 stolars,

Svanen/Swan chair (1958),

Egget/Egg chair (1958),

Pot chair (1959)

Giraffe chair (1959),

Cylinda Line tableware, Flatware cutlery (1957)

Utmerkingar: 1955 C. F. Hansen Medal,1957 Grand prix, Milan XI Triennale, Italy, for Grand Prix chair,1967 ID-prize, Danish Society of Industrial Design, for Cylinde,1968 International Design Award, American Institute of Interior Designers, US, for Cylinde.

Litteratur:

Dyssegaard, Søren (ed.); Jacobsen, Arne; Skriver, Poul Erik: Arne Jacobsen, a Danish architect, (translation: Reginald Spink and Bodil Garner), 1971, Copenhagen: Ministry of Foreign Affairs, 56 p. ISBN 87-85112-00-3

Jacobsen, Arne: Arne Jacobsen: absolutely modern, 2002, Humlebaek: Louisiana Museum of Modern Art, 96 p. ISBN 87-90029-74-7

Solaguren-Beascoa de Corral, Felix: Arne Jacobsen (Obras y Proyectos / Works and Projects), 1992, Barcelona, Editorial Gustavo Gili, 222 pages. ISBN 84-252-1404-1

Thau, Carsten; Vindum, Kjeld: Arne Jacobsen, 2008, Copenhagen, Arkitektens forlag, 560 p. ISBN 978-87-7407-

The Architectural Drawings of Alvar Aalto, 1917–1939, in eleven volumes. Prepared by the Alvar Aalto Archive in collaboration with the Museum of Finnish Architecture, Helsinki, and the Alvar Aalto Museum, Jyväskylä; with introduction and project descriptions by Göran Schildt. Garland Publishing: New York, 1994.

Alvar Aalto in His Own Words. Rizzoli: New York, 1998.

Alvar Aalto: The Complete Catalogue of Architecture, Design and Art. Rizzoli: New York, 1994.

Alvar Aalto Architect, Alvar Aalto Academy: Helsinki. A 28-part series of books chronicling significant Aalto works. Volumes already published:

Volume 7: Sunila.

Volume 9: Villa Mairea.

Volume 13: University of Technology, Otaniemi.

Volume 20: Maison Carreé.

Alvar Aalto Arkkitehti / Architect 1898–1976, Rakennustieto / Alvar Aalto Foundation: Helsinki, 1999.

Fleig, Karl Alvar Aalto, Editorial Gustavo Gili: Barcelona, 1992.

Porphyrios, Demetri Sources of Modern Eclecticism, Academy Editions: London, 1982.

Pallasmaa, Juhani (Ed.) Alvar Aalto Furniture, Museum of Finnish Architecture. Helsinki 1984.

Pelkonen, Eeva-Liisa Alvar Aalto: Architecture, Modernity, and Geopolitics. Yale Architecture Press: New York, 2009.

Reed, Peter (Ed.) Alvar Aalto: between humanism and materialism. Museum of Modern Art/H.N. Abrams. New York,1998.

Ruusuvuori, Aarno (Ed.) Alvar Aalto 1898–1976. Museum of Finnish Architecture: Helsinki 1998

Jormakka, Kari; Gargus, Jacqueline; Graf, Douglas The Use and Abuse of Paper. Essays on Alvar Aalto. Datutop 20: Tampere 1999.

Connah, Roger Aaltomania – Readings against Aalto? Building Information Ltd: Helsinki, 2000.

Weston, Richard Alvar Aalto. Phaidon: London, 1995.