MØBELMUSEET, SYKKYLVEN

Mezzadro. Design: Achille Castiglio

 

Achille Castiglioni ( 1918 - 2002), kjend italiensk industridesignar. Han var ofte inspirert av daglegdagse ting og brukte gjerne vanlege materialar. Idealet var å bruke eit minimum av materialar for å skape ei form som gav maksimal effekt.

Historie: Achille Castiglioni vart fødd i Milano og studerte arkitektur ved Politecnico di Milano University. I 1944 starta han eit designkontor saman med brørne sine Livio Castiglioni and Pier Giacomo Castiglioni. Castiglioni grunnla Associazione per il Disegno Industriale (Association for Industrial Design, ADI). I 1956. Han underviste I mange år, først ved Politecnico di Torino, frå 1969 leia han ei klasse I industridesign ved fakultetet for arkitektur ved Politecnico di Milano, der han hadde meir enn 1000 studentar.

Castiglioni–brørne vart eit fast omgrep i italiensk design. Gruppa var kjende som ei av dei mest vittige, elegante og innovative designfellessskapa. Brørne arbeidde ut frå synspunktet at design skal fylle både funksjon, form og produksjonsprosess og utvikla følgjande motto: "Start frå scratch. Bruk fornuft. Kjenn dine mål og metodar”.

Traktorsetestolen Mezzadro og Sella-stolen, laga av eit sykkelsete, vekte stor merksemd. Brørne er mest kjende for lampane, særleg for Flos. I løpet av femtiåra vart det produsert ei rekkje populære design, som "Spalter" støvsugar(1956),til å bere over skuldra, den minimalistiske lampen "Luminator" (1955) og "Bulb" (1957), I 1962 kom "Arco", ein golvlampe med ei lang bøygd arm på ein marmorsokkel så tung at ein matte ha to menneske for å flytte den. Snoopy Lamp (1967) var ein bordlampe, inspirert av teikneseriefiguren, også med marmorfot. Bordlampen "Toio" (1962) brukte ein bil-reflektor som inspirasjon.