MØBELMUSEET, SYKKYLVEN

Marshmallow Sofa. Design: George Ne

 

George Nelson (1908–1986) var ein amerikansk industridesignar og ein av grunnleggjarane av den spesielle amerikanske modernismen. Som designdirektør for Herman Miller Furniture Company ga han og hans designstudio form til mange av dei modernistiske møbelikona.

Historie: George Nelson gjekk ut av Hartford Public High School i 1924 og byrja ved Yale University. Han hadde ikkje frå starten tanke om å bli arkitekt, men ein gong han tok tilflukt i ein arkitektskule under ein storm kom han over studentarbeid som gav han interesse for faget. Han byrja å studere arkitektur og gjorde det tidleg godt. Han fekk fekk publisert i "Pencil Points" and "Architecture" alt som student. Han tok sin arkitektgrad i 1928 og vart tilsett ved arkitektkontoret Adams and Prentice som teiknar.

I 1932 vann han Roma-prisen. Premien var å studere arkitektur I eitt år I Roma. Dette året reiste han mykje rundt i Europa og møtte ei rekkje moderne pionerar som han intervjua for arkitekttidsskrift heime. Han intervjua Mies Van Der Rohe, som spurte etter Frank Lloyd Wright. Nelson måtte tilstå at han ikkje kjende til han. Nokre år seinare arbeidde han med Wright med ei spesialutgåve av "Architecture Forum", noko som skulle føre til at Wright kom fram att etter mange år utanfor det offentlege liv.

I 1935 tok han arbeid i Architectural Forum, der han først var associate editor (1935–1943), og seinare consulting editor (1944–1949). Han forsvarte modernistiske prinsipp og meinte at industridesignarar gav for mykje etter for dei kommersielle kreftene. Nelson meinte at designaren skulle forbetre verda. Naturen var naturlegvis alt perfekt, men mennesket øydela det ved å lage ting som ikkje følgde naturlovene.

“The contemporary architect, cut off from symbols, ornament and meaningful elaborations of structural form, all of which earlier periods processed in abundance, has desperately chased every functional requirement, every change in sight or ornamentation, every technical improvement, to provide some basis for starting his work. Where the limitations were most rigorous, as for example in a factory, or in a skyscraper where every inch had to yield its profit, there the designers were happiest and the results most satisfying. but, let a religious belief or a social ideal replace the cubic foot costs or radiation losses, and nothing happened. There is not a single modern church in the entire country that is comparable to a first-rate cafeteria, as far as solving the problem is concerned.”

I 1940 hadde George blitt kjent for forskjellige innovative begrep. Han lanserte begrep som familierommet og lagerveggen. Lagerveggen var ideen om å utnytte plassen mellom veggene.. Nelson spurde:, "What's inside the wall?" I 1945, produserte møbelkonsernet Herman Miller mest vanleg, tremøblar. Men styreleiar D.J. Depree kom til å lese ei bok av Nelson og tilbaud han jobben som nye designdirektør. Depree var ute etter den beste måten å gjere møblar innovative og nyttige. Nelson fekk ei fri stilling. I løpet av dei komande tiåra vart det produsert møblar signert folk som Ray and Charles Eames, Harry Bertoia, Richard Schultz, Donald Knorr og Isamu Noguchi.

I 1960 gjennomførte Herman Miller Research Corporation ei brukargransking for å undersøkte utviklinga når det galt kontormøblar. Dette førte til kontormøbelserien Action Office, seinare Action Office II. George Nelson tok kraftig avstand. I 1970 sende han eit brev til Robert Blaich ved Herman Miller-konsernet og hevda at kontorserien dehumaniserte arbeidsmiljøet:

"One does not have to be an especially perceptive critic to realize that AO II is definitely not a system which produces an environment gratifying for people in general. But it is admirable for planners looking for ways of cramming in a maximum number of bodies, for "employees" (as against individuals), for "personnel," corporate zombies, the walking dead, the silent majority. A large market"