MØBELMUSEET, SYKKYLVEN

Hill House 1. Design: Charles Renni

Charles Rennie Mackintosh (1868 – 1928), skotsk arkitekt, akvarellmålar og kunstnar.

 

Han var designar innanfor Arts and Crafts-rørsla og blir også rekna som den viktigaste representanten for Art Noveau (jugendstil) i Storbritannia.

Han voks opp i Glasgow som nummer fire av dei 12 borna til William og Margaret Mackintosh. I 1890 vart han tildelt eit reisestipend for ungdom som ville studere klassisk arkitektur. Då han kom tilbake, fekk han arbeid hos arkitektane Honeyman and Keppie og kom I gang med sitt første arkitekturprosjekt, den nye bygningen til The Glasgow Herald i 1899. Ved Glasgow School of Art møtte han ho som skulle bli kona og nær medarbeidar, Margareth McDonald. Dei vart medlemmer av ei samarbeidande gruppe som kalla seg “The Four” og gifte seg i 1900.

Etter å ha gjennomført ei rekkje gode byggjeprosjekt, vart C.R. Mackintosh i 1907 partner hos Honeyman and Keppie in 1907. Den økonomiske krisa førte til at mange arkitektar vart utan arbeid. Macintosh forlet arkitektfirmaet I 1913 og byrja eigen praksis. Men sidan oppdraga var få, reiste han og kona til Suffolk og måla blomsterakvarellar. Året etter drog dei til London der han heldt fram med å måle blomster og etter kvart overføre dei som design på tekstilar. I 1916 fekk Macintosh ein prestisjetung jobb med å redesigne heimen til W.J. Bassett-Lowke.

Charles Macintosh budde det meste av livet sitt I Glasgow. På breidda av Clyde-elva låg ei av verdas største konsentrasjon av skipsverft og tungindustri. Etter kvart som byen voks, auka etterspørselen etter forbruksvarer. I tillegg til impulsane frå den industrielle revolusjonen, kom også impulsar frå Asia og impulsane frå modernismen til å prege arbeidet hans. Japansk stil var mote på denne tida. I Europa fekk denne påverknaden eit eige namn: japonisme. Glasgow hadde byggjeoppdrag for den japanske marinen og byen fekk nærare kontakt med tidlegare ukjend japanske design og kunst.

Denne stilen tiltala Macintosh på grunn av den var tilbakehalden og økonomisk i virkemidla. I tillegg kom bruken av lys og skugge i staden for mønster og ornament. Tradisjonelt skulle forseggjorte ornament i dyre materialar vise fram rikdommen til eigaren. Japansk design fokuserte i staden på kvaliteten i rommet og tok sikte på å oppnå ro og likevekt i interiøret.

På same tid kom dei såkalla modernistiske idear opp i diskusjonen. Det viktigaste her var å utvikle nye idear og ny teknologi. Design skulle handle om notid og framtid, ikkje fortid og tradisjon. Tunge ornament og tradisjonar vart kasta over bord. Sjølv om Macintosh vart ein pioner innan modernismen, heldt han seg langt bort frå den golde nyttetekninga. Han ville byggje sine verk rundt folks behov. Han såg dei ikkje som masse, men som individ. Han ville ikkje gi dei maskinar som skulle gjere livet deira enklare, men ville gi dei kunst dei kunne bruke. Macintosh kombinerte sin skotske bakgrunn som han blanda med frodigheta i Art Noveau og det enkle i japansk kunst.

Medan han arbeidde som arkitekt, utvikla Charles Rennie Mackintosh sin eigen stil: Kontrast mellom sterke rette vinklar og blomsterinspirerte dekorasjonar med elegante kurver kombinert med referansar til skotsk arkitektur. Særleg hjelpte Glasgow School of Art og Qeen’s Cross Church project I Maryhill i Glasgow til å styrke ryktet hans. Som sin samtidige Frank Lloyd Wright arbeidde han også med detaljering av innbu og møblar, heilt ned på små detaljar. Dei meste av denne spesifiseringa av innreiing og møblar sto kona Margret for.

The Macintosh Building I Glasgow er rekna som ei av dei finaste bygningane I Storbritannia. Han har blitt gjenoppdaga som ein stor designar noko som har ført til at fleire bygningar har blitt opna for folk flest, som The Willow Tea Rooms i Glasgow and Derngate i Northampton.

Litteratur:

David Stark Charles Rennie Mackintosh and Co. 1854 to 2004 (2004) ISBN 1-84033-323-5

Tamsin Pickeral; Mackintosh Flame Tree Publishing London 2005 ISBN 1-84451-258-4

Alan Crawford Charles Rennie Mackintosh (Thames & Hudson)

John McKean Charles Rennie Mackintosh, Architect, Artist, Icon (Lomond, 2000 second edition 2001) ISBN 0-947782-08-7

David Brett Charles Rennie Mackintosh: The Poetics of Workmanship (1992)

Timothy Neat Part Seen Part Imagined (1994)

John McKean Charles Rennie Mackintosh Pocket Guide (Colin Baxter, 1998 and updated editions to 2010)

Wendy Kaplan Charles Rennie Mackintosh (Abbeville Press 1996)

John McKean, "Glasgow: from 'Universal' to 'Regionalist' City and beyond - from Thomson to Mackintosh", in Sources of Regionalism in 19th Century Architecture, Art and Literature, ed. van Santvoort, Verschaffel and De Meyer, (Leuven, 2008)

Fanny Blake" Essential Charles Rennie Macintosh.

(Kjelde: Wikipedia)