MØBELMUSEET, SYKKYLVEN

Fauteuil a Dossier basculant. Desig

Le Corbusier eig. Charles-Édouard Jeanneret (1887 – 1965), var arkitekt, designar, urbanist og skribent og ein pioner innan moderne arkitektur.

 

Han var ein pioner i studiane av moderne design og var oppteken av å gi innbyggjarane i overfylte byar betre levekår.

Historikk: Le Corbusier vart fødd i Sveits og vart fransk statsborgar i 1930. Gjennom ein karriere på meir enn 50 år konstruerte han bygningar i Europa, India og Amerika. Han vart fødd som Charles-Édouard Jeanneret i Gris in La Chaux-de-Fonds, ein liten by I Neuchâtel-kantonen I Jurafjella I nord-vest-Sveits, berre fem kilometer frå franskegrensa. Han byrja å bruke kunstnarnamnet sitt i 1920-åra, det blir sagt at det er utvikla frå namnet til ein fjern slektning, Lecorbésier”.

Han vart interessert i biletkunst og studerte på kunsthøgskulen under Charles L'Eplattenier. Arkitekturlærar var René Chapallaz, som skulle få mykje å seie for dei første husa hans. Rundt 1907 reiste han til Paris og fekk arbeid hos Auguste Perret, den franske pioneren innan armert betong. I 1908 studerte han arkitektur i Wien med Josef Hoffmann og han arbeidde også med den kjende arkitekten Peter Behrens, som høyrde til krinsen til Mies van der Rohe and Walter Gropius.

Han reiste blant anna på Balkan, i Italia, Bulgaria og Hellas og Tyrkia og fylte skissebøkene med teikningar, blant anna av Parthenon. Han drog til Sveits og arbeidde teoretisk med moderne byggjeteknikkar. Han arbeidde blant anna teoretisk med moderne byggjemetodar som han brukte blant anna i modellen til Domino-huset (1914–1915). Han samarbeidde med søskenbarnet sitt Pierre Jeanneret (1896 – 1967) I store delar av livet.

Gjennom mange år hadde franske styresmakter ønskt å gjere noko med den veksande slummen I Paris. Le Corbusier fann effektive måtar til å byggje hus til svært mange personar på. Han meinte ny moderne arkitektur kunne sikre betre forhold for underklassen. Hans Immeubles Villas (1922) var eit slikt prosjekt. Etter kvart gjekk han vidare og ville konstruere heile byar. Contemporary Cities. Teoretisk byplanlegging heldt fram med å interessere le Corbusier. I 1925 foreslo han å jamne det meste av sentrum I Paris med jorda nord for Seinen og bytte det ut med 60 etasjars tårn i åttekanta gatenett og parkliknande rom. Han hausta bade kritikk og hån for forslaget opp gjennom trettiåra.

Le Corbusier utvida og endra sine ide om byutvikling og publiserte dei i boka Ville radieuse (The Radiant City) i 1935. Den største forskjellen mellom denne og Contemporary City var at husa no var bygde etter størrelsen på familien og ikkje etter lommeboka. Han drøymde om å reinse byane og skape ein roleg og mektig arkitektur i stål, glas og betong. Møblane han teikna, var i stor grad tilpassa dei ulike bygningane hans.

Litteratur:

Behrens, Roy R. (2005). Cook Book: Gertrude Stein, William Cook and Le Corbusier. Dysart, Iowa: Bobolink Books. ISBN 0-9713244-1-7.

Brooks, H. Allen (1999) Le Corbusier's Formative Years: Charles-Edouard Jeanneret at La Chaux-de-Fonds, Paperback Edition, University of Chicago Press, ISBN 0-226-07582-6

Eliel, Carol S. (2002). L'Esprit Nouveau: Purism in Paris, 1918 - 1925. New York: Harry N. Abrams, Inc. ISBN 0-8109-6727-8

Curtis, William J.R. (1994) Le Corbusier: Ideas and Forms, Phaidon, ISBN 978-0-7148-2790-2

Frampton, Kenneth. (2001). Le Corbusier, London, Thames and Hudson.

Jencks, Charles (2000) Le Corbusier and the Continual Revolution in Architecture, The Monacelli Press, ISBN 978-1-58093-077-2

Jornod, Naïma and Jornod, Jean-Pierre (2005) Le Corbusier (Charles Edouard Jeanneret), catalogue raisonné de l’oeuvre peint, Skira, ISBN 88-7624-203-1

Von Moos, Stanislaus (2009) Le Corbusier: Elements of A Synthesis, Rotterdam, 010 Publishers.

Weber, Nicholas Fox (2008) Le Corbusier: A Life, Alfred A. Knopf, ISBN 0-375-41043-0