MØBELMUSEET, SYKKYLVEN

Chair 02: Design: Maarten van Sever

 

Maarten van Severen, 1956 - 2005) vart fødd i Antwerpen i Belgia. Han studerte arkitektur ved St.Lucas-akademiet i Gent. Han designa sine første møbelstykke i 1986. Det følgjande året etablerte han ei uavhengig verkstad der han arbeidde med avgrensa, halvindustriell produksjon av eigne modellar. I dette arbeidet fordjupa han seg i basis-møblane: stol, bord, sjeselong, hyller og skåp. Han utarbeidde gode løysingar for desse møbeltypane ved å utforske form, materialar og konstruksjon.

I 1990 og framover byrja han å samarbeide nært med Rem Kolkhaas og vende også hans interesse mot design. I denne perioden underviste han i ei rekkje utdanningsinstitusjonar, blant anna universitetet i Vest-Flandern, kunstutdanninga i Maastricht og universitet i Delft, Barcelona og Helsinki.

Det mest kjende resultatet av samarbeidet med Vitra er stol 03. Samarbeidet med Vitra frå 1996 markerte ein ny fase I karrieren, ikkje minst fordi han fekk sjansen til å arbeide med nye materialar og prosessar. Dei mest imponerande og populære møbelet er stol.03. Vitra-samarbeidet førte også til samarbeid med andre viktige produsentar som Kartell som produserte lounge-sofaen LCP. Saman med Vitra produserte dei også Kast og 07, begge vart presentert i Milano to månader etter hans alt for tidlege død.