MØBELMUSEET, SYKKYLVEN

B3 Wassily. Design: Marcel Breuer 1

Marcel (Lajos) Breuer (1902 – 1981), ungarskfødd modernist, arkitekt og møbeldesignar av jødisk opphav.

 

Han blir rekna som ein av meistrane frå modernismen, ein tidleg representant for brutalismen i arkitekturen og han viste interesse for modulproduksjon og ville skape enkle former for enkle liv.

Historikk: Kjend for sine vener som Lajkó Breuer, studerte og underviste han hos den eksperimentelle design- og undervisningsinstitusjonen Bauhaus i 1920-åra. Bauhaus-pensumet la vekt på at elevane skulle utdanne seg samtidig i bildekunst, handverk og industriteknologi. Breuer fekk til slutt ei lærarstilling som leiar for handverksavdelinga ved skulen. Seinare praktiserte han i Berlin, der han designa hus og forretningslokale.

I 1920- og 1930-åra var Breuer ein pioner når det galt design av stålrørsmøblar. Seinare i karrrieren skulle han vende merksemda mot å skape innovative og eksperimentell tremøblar. Kanskje dei mest kjende møblane hans i bøygde stålrøyr, seinare kjend som Wassily-stolen frå 1925. Stilen var inspirert av dei bøygde stålrøra på Adler-sykkelen hans.

Myten fortel at stolen var laga for målaren Wassily Kandinsky, som var kollega på Bauhaus. Slik var det ikkjeKandinski beundra nok Breuers stoldesign og han fekk Breuer til å lage ein kopi til seg. Då stolen vart lansert på nytt I 1960-talet, vart det kalla Wassily av den italienske forhandlaren fordi han hadde høyrt at Kandinsky hadde fått ei av dei første utgåvene.

På grunn av nazi-partiet som voks fram, flytta Breuer til London på trettitalet. I London vart han tilsett av Jack Pritchard og Isokon-selskapet; eitt av dei første som introduserte moderne design i Storbritannia. Breuer skapte sin Long Chair og eksperimenterte med bøygd og forma kryssfiner. Breuer enda til slutt i USA, ved Harvard arkitekthøgskole, der han arbeidde med studentar som Philip Johnson, Paul Rudolph and I. M. Pei, alle seinare kjende arkitektar i USA. Eitt av dei mest intakte eksemparar av Breuers møblar og interiør frå denne perioden er i Alan W. Frank House i Pittsburg, som vart utforma av Breuer og Gropius som eit totalt kunstprosjekt.

Breuer gjekk ut av samarbeidet med Gropius I 1941 og skipa sitt eige firma I New York. Arbeidet med Unesco-hovudkvarterer I Paris vart eit vendepunkt for Breuer. Det vart retur til Europa, til store arkitektprosjekt og konsentrasjon om å utvikle betong som byggjemateriale. Han vart ein av dei leiande innan brutalismen, med ein aukande interesse kurvene, for skulpturell og personleg stil. Vindauga vart ofte sett inn som puteaktige former staden for skarpe firkantar. Mange arkitektar meinte han hadde ei spesiell evne til å få betongen til å verke mjuk.