MØBELMUSEET, SYKKYLVEN

3-benet Skalstol: Design: Hans J. W

 

Hans Jørgensen Wegner, ( 1914 - 2007), verdskjend dansk møbeldesignar. Høg kvalitet og gjennomtenkt konstruksjon prega han og gav han internasjonalt ry. Designen hans er ofte kjend som organisk funksjonalisme, ein modernistisk skule med vekt på funksjon. Denne skulen er stort sett dyrka i Skandinavia med folk som Poul Henningsen, Alvar Aalto, and Arne Jacobsen som frontfigurar. I løpet av sitt liv designa Wegner meir enn 500 stolmodellar. Over hundre dei vart sette I masseproduksjon,

Historie: Han vart fødd I Tønder i sørlege Danmark. Alt som barn gjekk han i lære hos kabinettmakar H.F. Stahlberg. Han oppdaga snart at han hadde ei kjensle for trematerialar.

Han gjekk seinare på teknisk skule før han byrja på den danske høgskulen for kunst og arkitektur i København. Der vart han kjend med handverkarlauget si utstilling, som kom I gang I 1927. Utstillinga vart eit laboratorium for eksperimentering der kabinettmakarar som Johannes Hansen, L. Pontoppidan, Niels Vodder, Jacob Kjær, A. J. Iversen, Moos and Rudolf Rasmussen samarbeidde med dei beste arkitektane som Kaare Klint, Vilhelm Lauritzen, Ole Wanscher og Mogens Voltelen.

Desse årlege utstillingane gav Wegner førstehands kunnskap om kombinasjonen av handverkskunst og design kunne skape. Egner bestemte seg for å bli møbeldesignar. I 1936 byrja han å studere på det som i dag er den danske designskulen, med O. Mølgaard som lærar. Alt dei første møblane han designa, vekte oppsikt og viser Wegners måte å nærme seg problema på: Ein skulle fjerne det ytre i gammaldagse møblar og la dei framstå i si reine konstruksjonsform.

Den kjende danske arkitekten og designaren Arne Jacobsen og Erik Møller gjekk saman om eit om eit studio for å designe og bygge Århus rådhus. Wegner vart tilsett for å designe møblane. Wegner arbeidde nokre år for Arne Jakcobsen. Etter nokre år starta Wegner for seg sjølv. Saman med arkitekten Børge Mogensen, designa han møblar for ei butikkjede.. I sine seinare år arbeidde han meir og meir for PP Møbler og designa mange møblar for denne fabrikken Han var aktiv heile livet og "Hoop Chair", først designa I 1965 med stålrørbase i 1965 og i lansert igjen i tre i 1985 . Mange av Wegners trestolar er prega av tradisjonelle samanføyingar som fingerskøytar og skulpturelle element i arm- og setestøtte. Han utnytta tradisjonell konstruksjon og blanda ofte materialar som tre og kryssfiner, Om sitt verk sa han: “Eg har alltid ønskt å lage vanlege ting med uvanlege høg kvalitet”.

Verk: Kinastol/Chinese Chair (no.1), 1944. Kinastolen var inspirert av eit portrett av danske kjøpmenn som sat I tradisjonelle Ming-stolar. Kinastolen nr 4 er eit reinare destillat av den originale forma med mange danske kjenneteikn.

Påfuglstolen/The Peacock Chair (1947) The Peacock-stolen var inpirert av tradisjonell Windsor-stol. Wegner overdreiv og skapte ein høg og luftig rygg.

"The Chair", 1949. The Chair er møbelet som best representerer Wegners design filosofi omf "gjennomgåande forenkling .. “å kutte ned til dei enklaste elementa som er fire bein, eit sete og kombinert rygg og leine”. Stolen fekk stor merksemd etter at den vart brukt under den store fjernsynssende debatten mellom Richard Nixon og John F. Kennedy.

Folding Chair, 1949.,

Wishbone Chair. 1949,

Valet chair,1953