Kva skjer?
Sunnmøre Museum
"Handelssteder og slekter i gamle Ålesund"
Søndag 12. februar kl. 13.00 ønskjer Sunnmøre Museumslag velkommen til foredrag på museet. Tema for dagen er "Handelssteder og slekter i gamle Ålesund" med lokalhistorikar og forfattar Arne Knutsen.
Lokalhistorikaren fortel både om bydelen Verpingsvika, om Flatholmen, Borgernes vei og ikkje minst om Nykleholmen. Du får høyre historiene om gatene bak fjellet, kva folk gjorde på fritida, om Rollonbana og segling. Perioden han tek for seg er frå tida då Verpingsvika vart bydel i 1874, og heilt frem til 1970-talet. Foredraget blir krydra med skildringar av både spesielle stader og om uttrykk.
Open kafe og utstillingar frå 12-16. Velkommen!
Sunnmøre Museum
Valentines Day
”Valentines Day” er for mange ei amerikansk feiring av kjærleiken. Det ikkje så mange kanskje veit er at også i Noreg har vi tradisjonar for å feire kjærleiken.
I perioden 12. - 19. februar kan du besøke museet si eiga ”hjarteutstilling” i kafeen. Her blir det også klemmekrok, teiknebord for barna og ikkje minst mykje kjærleik i kafedisken. Vi ønskjer alle HJARTELEG velkommen!
Sunnmøre Museum
Borgundfjordfiske
Tirsdag 14. februar kl. 18.00 inviterar vi til "dei gode historiene" knytta til Borgundfjordfiske i Båthallen på museet.
I etterkant blir det "mat og prat" i kafeen, med mellom anna servering av varm fiskesuppe. Ta på godt med klede og besøk museet denne vinterkvelden!
Inngang inkl fiskesuppe kr 120,-
Sunnmøre Museum
Omvisning i fargeutstillinga på Fastelavensøndag
Søndag 19. februar kl 13.00 ønskjer vi velkommen til ei spennande reise i fargar, og inviterar til omvisnig i fargeutstillinga "Ei verd av fargar".
Temaet for omvisnainga er naturleg nok fargar. Fargar som sunnmøringen heilt frå gamal tid har omgitt seg med.
I utstillinga møter ein fargar brukt på mange måtar og i mange samanhengar. Ikkje berre på Sunnmøre men også elles i verda. Ein sunnmøring på reise tok og med seg nye fargetradisjonar heim.
Sunnmøre Museum
Onsdagsaktivitetar i vinterferien
Onsdag 22. februar kl. 12-15 er det duka for vinterferieaktivitetar på museet. Ta med heile familien og bli med på aktivitetsdag for små og store i Strandatunet.
«Gamal skuletime» i Nordalskulen, bak potetkaker i Framgardstova, steik brød på bål eller laft småhus i fjøsen er nokre av dei mange aktivitetane du kan vere med på.
I Ytterlandstova kjøper du varm kakao, sveler, pølser, tursjokolade m.m
Inngang: voksen kr 80, barn kr 30, familie kr 160
Sykkylven Naturhistoriske Museum
Bli med på soplin-kurs!
Måndag 5.mars kl 18.00 kjem søskenbarna Arne Ola Grimstad og Alv Ottar Folkestad og viser oss dette gamle handverket. Vi skal halde til på Aure skule, sløydsalen.
Dette vert garantert ein triveleg kveld, der alle blir hjelpt fram til ferdig sopling ("sopleng"/ sovl/feiekost av bjørkekvistar). Kjenner vi karane rett vert det lærerikt både for kropp og sjel!
Pris inkl kaffimat kr 250.
Påmelding innan 1.mars pr. e-post: post@natur-museum.no
Ver snar! Kun 15 plassar.
Sunnmøre Museum
Bli med på flatbrødkurs
Imponer venner og familie med heimelaga flatbrød til påskematen! Bli med på flatbrødkurs på Sunnmøre Museum tirsdag 13. mars kl. 17.30.
Vi stiller med forkle, skaut, takke, oppskrift og deig. Du tar med kjevle, gjerne en bakstepinne og noko å ta med baksten heim i. Undervegs i kurset er det lov å smake på eigen bakst - vi serverer spekemat :) Bakeresultatet får du sjølvsagt ta med heim.
Påmelding til museum@sunnmore.museum.no innan tirsdag 6. mars, men "først-til-mølla-prinsippet" gjeld.
Pris pr. deltakar: 450,-
Sunnmøre Museum
Spennende foredrag om Ambrosia Tønnensen
Søndag 25. mars kl. 13.00 ønskjer vi velkommen til spennande foredrag om Ambrosia Tønnesen, med "ambrosiaentusiast" Britt Walle Ekroll. Ekroll tek oss også med inn i utstillinga om "Stenhugger i det Fine"på Sunnmøre Museum.
Bli betre kjend med billedhoggaren Ambrosia Tønnesen, ein uvanleg person med eit tilsvarande uvanleg yrke. ”Stenhugger i det Fine” stod det på visittkortet hennar.
Aalesunds Museum
Brudeegget - en norsk attraksjon!
Foto: NRK |
Lørdag 28. janaur fallt dommen; “Uræd” – alias Brudeegget – ble godkjent som heilnorsk attraksjon. Det var programskaperen Linda Eide i NRK som fattet denne avgjørelsen, som sjølvutnevnt dommer i eget program: Norsk attraksjon.
Sommeren 2010 var Linda Eide og hennes utmerkede mini-team på en skikkelig Sunnmørstur. På rekordtid ble det gjort opptak både i Ålesund og i Valldal.
Sunnmøre Museum
Ny båthall på Sunnmøre Museum
Gjennom Stiftelsen Kjell Holm og Sparebanken Møre har Sunnmøre Museum fått ei fantastisk moglegheit til å byggje eit etterlengta, fleirfunksjonelt bygg for den sunnmørske kystkulturen.
Bygget vert sett opp i tilknytning til den eksisterande båthallen og skal ferdigstillast 1. juni 2012.
Les meir
Godt museumsår for Stiftinga Sunnmøre Museum
Med ei auke på heile 13% er musea i Stiftinga Sunnmøre Museum særs godt nøgde med besøkstalet for 2011. Fokus på eit variert tilbod for både skuleklassar, tilreisande og heimemarknaden har gitt resultat.
Vi er særs godt nøgde med året 2011. Gjennom året har vi hatt fokus på fortsatt å skape mangfald i tilbodet til både privatpersonar og skuleklassar.

