«Djupdykk blant mystiske vesen i Blåmyra»

 
1/3, kl 13:00-14:00
SUNNMØRE MUSEUM
Sunnmøre Museumslag ønskjer velkommen til søndagsforedrag med forteljar Guri Aasen.


I denne framsyninga får du stifte kjennskap med nokre av dei underlege, trolske og stundom fryktinngytande skapningane vi må ut i det ville havgapet på Sunnmørskysten for å få auge på. Slike som Kraken, Draugen, Havbokkjen, Marmælen, Margygra og fleire til.

Ispunne vitnesbyrd om truverdige sjøfolk sine møte med desse skapningane, får publikum óg lære litt av kvart om gamle merke på godt og ringt fiske, og om magi som fremjar lukke eller kan føre til ulukke til havs. Visste du til dømes at blodpølse er stormmat? Greit å vite i tilfelle det skulle havne ei slik i nistedåsen neste gong du skal ut i båt!

Segntradisjonane og folketrua om dei løyndomsfulle kreftene tilknytta det blå djupet har vore levande blant kystfolket heilt opp til vår nære fortid. For å rå med naturkreftene har det å kunne lese merka i naturen, veret, vinden og sjøen til alle tider vore livsviktig kunnskap i kystfolket sin kamp for tilveret. Ein kunnskap vi moderne menneske óg kanskje har noko å lære av?

Kraftfulle historier er det i alle fall, så velkomen til ei stund med garantert sjøgong.

 

Om forteljar Guri Aasen
Forteljar Guri Aasen, fødd i 1953 og oppvaksen i Hovdebygda, har arbeidt som kulturarbeidar og forteljar sidan 2003, og driv forteljeverksemda Vestafor Måne med base i Fosnavåg i Herøy. 

Guri Aasen sitt repertoar er tufta på lokalhistoriske kulturforteljingar, mytologi, segntardisjonar og folkeeventyr.

 Hennar mest kjende produksjonar er

  • «Fiskarkona og døtrene hennar. Eit hundreårig kvinneminnealbum». Også urtgjeve som bildebok
  • «Djupdykk blant mystiske vesen i Blåmyra» – segntradisjonar frå sunnmørskysten
  • «Frå Orle i old til Ragnarók» – forteljingar frå den norrøne mytologien
  • «I Hellas i gammal tid» – greske myter og segner
  • «Anna Olava, den gløymde husfrua på Herøy gard» – vandreforteljing i hovudhuset på Herøy kystmuseum

Som forteljar fartar Guri Aasen land og strand rundt både i eige fylke og i andre eigner.

Mellom scener ho har stått på kan nemnast Ålesund teaterfestival - Høstscena, Ivar Aasen-tunet, Parken kulturhus, Herøy kulturhus, Forteljarfestivalen i Oslo, Borgundgavlen, Longyearbyen skule og i eit uttal barnehagar, kafear, ungdomshus, kyrkjer, sjøbuder, sjukeheimar, bibliotek osb.

Ho vert hyppig nytta som forteljar i Den kulturelle skulesekken og Den kulturelle spaserstokken, for interesseorganisasjonar og privatpersonar, i bibliotek, for reiselivsaktørar og ved samkomer i næringslivet.

Guri Aasen held også forteljeverkstadar for skuleelevar samt faggrupper innan utdanning, reiseliv og kulturretta verksemder.