Aktivitetsdag i vinterferien

 
21/2, kl 12:00-15:00
SUNNMØRE MUSEUM
Det er vinterferietid! Og tradisjonen tru vert det også i år aktivitetsdag for store og små på "Buholmen".

Onsdag 21. februar kl. 12-15 ønskjer vi små og store velkommen til aktivitetsdag med leik og læring på «Buholmen». På kjøkkenet i Dybhuset lagar vi mat og på loftet vert det forteljarstund. Prøv deg også på smikunsten i smia, besøke skomakaren i skomakarbuda og «prøvesitt» den gamle Spjelkavikruta.  Hogg ved, rull tønneband, spill lappis og bli med på museumsquiz. Aktivitetar og sal av «gamaldags» godetri i Larsnesbuda. Open museumskafé  – med teiknebord for den som  vil ta ein liten pust i bakken.