Musea sett inn tiltak for reduksjon av smittespreiing

Musea på Sunnmøre sett inn ekstraordinære tiltak på dei ulike arenaane for å bidra til å redusere risikoen for spreiing av koronaviruset. Vi legg vekt på å følgje dei til ei kvar tid gjeldande råda frå Folkehelseinstituttet (FHI).

 

God handhygiene
For å unngå smitte er det mellom anna viktig med god handhygiene. Alle musea har derfor plassert ut handdesinfeksjon på sentrale stadar i publikumsområda.

Auka reinhald
Reinhaldet på typiske overflater som vi tek på; rekkverk, dørhandtak, informasjonsdiskar betalingsterminalar m.m vert reingjort hyppig kvar dag. Reinhaldet er også intensivert på overflater som dei tilsette er i kontakt med. Det er også satt inn hyppigare reinhald av publikumstoaletta.

Hald avstand
Det er svært viktig at vi alle kan ferdast trygt både inne og ute på museumsområda. Hald derfor god avstand til kvarandre. Ved omvisingar oppmodar vi at ein held ein avstand på minimum 2 meter. Det same gjeld for dei organiserte aktivitetane. Hald avstand også ved handel i museumsbutikk og museumskafé. For sistnemnte har vi redusert talet på tilgjengelege bord og stolar for å bidra til eit trygt og smittefritt miljø.

På dei ulike publikumsområda innomhus har vi golvmerking om å halde avstand - for å gi ei påminning når du er her på besøk.

Betaling
Bruk gjerne kontaktlaus betaling («tæpping») ved kjøp av museumsbilletten, varer i museumsbutikken og i museumskaféen. Vi desinfiserar betalingsterminalane jevnleg.

Våre tilsette
Tilsette som mistenkast å vere sjuke, held seg heime frå jobb på museet. Vi overheld dei til ei kvar tid gjeldande karantenereglane fastsett av FHI.


Vi gler oss til å sjå dykk alle igjen – med god avstand til kvarandre!