Stiftinga Sunnmøre Museum er ei samling på 13 museum. Vi fortel om natur, liv og arbeid på Sunnmøre gjennom 10.000 år.

Klikk på namnet til det museet du ønskjer informasjon om og les meir om museets varierte tilbod.

Fredagsbloggen no i blogger

No finn du fredagsbloggen til Eldar her. Denne fredagen skriv han om "Kurs i sola".

 

 

 

 

 


Dei rike 70-åra

Stolen Falcon av Sigurd Resell er eit av dei designmessige gullegga frå 1970-åra.

1970-åra. Det var det tiåret Noreg vart rikt og oljen byrja å fløyme opp frå lommer under havbotnen i Nordsjøen. Det var det tiåret bøndene skulle få tene like mykje som industriarbeidarane og då kommunane fekk eigne kulturkontor. Det var også tiåret då dei fleste ungdomane byrja å ta vidaregåande utdanning, gjekk i slengbukser, ruta jakker og fekk draumar og ideal som førte dei vekk frå oppvekstmiljøa. Det var både distrikta og EU-neiet sitt tiår, den nye ungdomskulturen sitt tiår og tiåret då vi fekk verda inn med fargar i TV-stovene våre.

Dette motsetnadsfylte tiåret står i fokus når venneforeininga til Norsk Møbelfaglig Senter inviterer til 70-talskveld på Sykkylven kulturhus søndag 30.mai klokka 17.00. Venneforeininga har mellom anna alliert seg med Sykkylven blandakor som skal gje til beste musikalske smakebitar frå 1970-talet. Dei frammøtte får også sjølve vere med på det musikalske tilbakeblikket gjennom fleire allsongar.

Hovudinnslaget på arrangementet blir eit lysbiletekåseri ved designaren Jan Lade. Han kom i gang med møbeldesignkontoret, Møre Designteam, i Sykkylven i 1971 saman med to kolleger etter at han hadde studert møbeldesign i København. Han vil fortelje korleis det var å møte den lokale møbelindustrien. Det var nok ikkje alltid at industrien sine krav og forventningar samsvarte med visjonane til ein ung, idealistisk designar. Jan Lade greidde overgangen godt. Han skjøna at bedriftene måtte få selje produkta han teikna, og også at dei måtte vere rasjonelle å få gjennom produksjonsapparatet. Den som hugsar tilbake til 70-åra vil minnest at det gjekk mykje i brunt og grønt. Sofaene hadde store puter, som var trekte både i skinn og i stoff. Dei skalla rapportstoffa, med stripete mønster, stod sterkt i motebiletet den gongen. Dette vil arrangørane vise gjennom ei utstilling som skal lagast til i samband med arrangementet.

Sjølv om det var mykje mørke fargar og tunge møblar i 70-åra, gav tiåret også dei designinteresserte mykje godt å tenke tilbake på. Det var i 1972 at Stokke sin store suksess, barnestolen Tripp Trapp såg dagens lys. Året før kom stolen Falcon av Sigurd Resell og serien Ecco av designpartnarane i Møre Designteam. Det var også det året Stressless vart lansert for publikum første gong. Stressless og Tripp Trapp er norsk møbelindustris største suksessar, og begge har blitt selde i fleire millionar eksemplar. Mot slutten av tiåret kom eit anna gullegg, Balans-stolen.

Det er ikkje rart at Venneforeininga til Norsk Møbelfaglig Senter vil stoppe litt opp ved 70-åra. Ikkje i noko tiår har det vore skapt så mange varige møbelsuksessar. I tiåra etter vart det lenger mellom godbitane, og mange av møbelbedriftene forsvann på grunn av manglande evne til fornying. Kva var det då med 70-åra som kan forklare at tiåret vart så spenstig som det vart? Den som kjem til kulturhuset i Sykkylven 30.mai får kanskje svaret.

Eldar Høidal

Kommentar (1)

Rut og dei varme svelene

 

– Eg synest at dei engelske gjestene er hyggelege og lette å kommunisere med. Dei skryter av både natur og folk, og synest vi nordmenn er så flinke til å snakke engelsk, seier Rut H. Nakken. Vi møter henne ein dag det er roleg i museumskafeen. Men dagen før, på Kristi Himmelfartsdag, var det eit anna liv på museet. Då rulla fire bussar med cruiseturistar inn på museumsområdet, og Rut stod som ho ofte gjer klar til å servere turistane varm kaffe og sveler. For turistar som vil ha ein smak av det ekte norske, er sveler eit obligatorisk innslag.

Vi vil vite kva dei hyggelege engelske gjestene snakkar med Rut om: - Alle kommenterer kor koseleg det er her. Og så går praten gjerne om veret. Det har jo vore kaldt så langt i år, men elles er dei opptekne av den reine og klare lufta vi har her i landet.

Dei korte stoppa til cruiseturistane gjev ikkje høve til noko djupdykk ned i sunnmørshistoria, men mange av gjestene er innom museumsbutikken som Kari-Mette Åmelfot-Tveit styrer. Og her skaffar dei seg gjerne eit lite minne frå besøket på museet i Borgundgavlen. Souvenirane minner dei kanskje på dei varme svelene til Rut H. Nakken.

Rut har vore tilsett ved Sunnmøre Museum sidan 1996. Då byrja ho som vaskehjelp, sidan vart arbeidsområdet utvida og no er ho ansvarleg for kafedrifta og for at alle som kjem innom museet på dagtid alltid skal ha tilgang på varm kaffi, rømmegraut og ei svele eller to. Og folk kjem innom i aukande omfang. Ho fortel at det er mange barnefamiliar som går på tur i området i helgane. Ofte skal dei til Dyreklubben og då legg dei gjerne inn ein pause med is til dei minste i museumskafeen. Elles bruker mange av dei som bur i området friluftsmuseet flittig.

Rut fortel at dei frå og med i år har innført heilårsope museum. Alle dagar mellom kl.11 og 15, heilt frå januar, kan folk kome innom museet. Nokre vil berre setje seg ned med ein kaffikopp, andre vil i tillegg sjå på utstillingane som er på museet. Rut trur ikkje at dette tilbodet er så kjent blant folk flest enno. Etter kvart som ryktet breier seg om det heilårsopne museet, vil sikkert tilstrøyminga auke, trur ho.

Hovudsesongen ved museet reknar ein frå den helga som no kjem, pinsehelga, og til september. Rut merkar ei aukande interesse for museet i desse dagane, då varmen lokkar alle ut. Mange av dei som ringer vil gjerne vite meir om onsdagsaktivitetane som museet har hatt om sommaren. Det er populære dagar både for tilreisande og fastbuande. Då kan små og store få boltre seg i friluftsmuseet med leikar, styltregang, ringspel, fisking frå brygga, skyting med pil og boge og mykje anna moro.

Rut er blant veteranane på museet, og som dei andre veteranane er ho glad for den ungdommelege entusiasmen som har kome inn med dei nytilsette på museet. Dei har ført inn nye tankar både om korleis museet skal marknadsførast og om kva folk skal engasjerast med når dei kjem på vitjing. Rut opplever dei faste mandagsmøta i publikumsgruppa som inspirerande. Og no har også Rut teke steget ut i den digitale verda, med eigen facebook-konto. Ho vegra seg lenge, men følte seg litt utafor når alle andre snakka om all den informasjonen som ligg om museet på internettet. Ein får ikkje lov til å stivne i gamle former på eit levande museum, registrerer Rut Nakken fornøgd.

Eldar Høidal

Kommentar (0)

Verdiar får Varig Vern

Døme på mottfri smørdall frå Borgund.

Mott og møll går ei utrygg framtid i møte om Stig Drevik og Line Iversen ved gjenstandsavdelinga ved Sunnmøre Museum kjem i nærheita av dei. Dei har sett seg føre å rydde vekk alle kryp som har skaffa seg husrom i gjenstandar som museet skal ta vare på. Og måten dei gjer det på er både miljøvennleg og effektiv. Dei plasserar gjenstandane i eit fryserom på museet. Der får dei liggje i ei veke å godgjere seg i tjuefem kalde grader. Er det tjukkare materialar i gjenstandane får dei liggje i ei veke til. Etter dette sjokkmøtet med museet skal det vere lite liv i det som Stig og Co kallar skadedyr.

 

Det er no to år sidan Stiftinga Sunnmøre Museum innvigde det nye magasinet sitt i museumsbygget i Borgundgavlen. Sidan det har Stig, Line og fotograf og altmulegmann Dag Brøther hatt hendene fulle med å ta imot gjenstandar som skal sikrast eit varig liv. Det er i første rekkje gjenstandar frå Aalesunds Museum, frå Sunnmøre Museum si avdeling i Borgundgavlen og Norsk Møbelfaglig Senter i Sykkylven dei har jobba med så langt.

 

Stabilt miljø

Ein skulle vel tru at gjenstandar som stod under tak, anten det er i løer, i garasjer eller i stover, hadde det greit nok. Men det manglar det visst mykje på, i følge Stig Drevik. For det første har vi det opplagte problemet at gjenstandar som står i løer og garasjer er utsette for tjuveri. Gjenstandar som ein vil ta vare på for framtida må stå trygt og innelåst. Men ikkje alle låste rom har eit godt lagringsmiljø. Det viktigaste for tregjenstandar og tekstilar til dømes er at dei vert lagra i lokale med stabile fukt- og temperaturtilhøve. Hvis gjenstandane opplever stadige skifte i klimatilhøva vil dei ekspandere og trekke seg saman med sprekkdanningar og rask elding som resultat. I magasinet på Borgundgavlen sørger eit automatisk klimaanlegg for at temperaturen ligg stabilt rundt 15 grader pluss og fuktnivået på ca 50 %. Det er reine foryngingskuren for gjenstandar av tre, ull, glas, bein m.v.

 

Med hette på beina

Ein annan faktor som tel med når det gjeld livslengda til gjenstandane er lyspåvirking. Du har sikkert lagt merke til at fargefotografi som heng på veggen falmar etter nokre år. Slik er det også med fargane på måla og dekorerte tregjenstandar eller på oljemåleri. I magasinet er det jamt mørkt. Berre når Stig og dei andre tilsette ved museet skal inn med nye gjenstandar, eller sjå til dei som alt er komne på plass, vert lyset slått på.

Og viss du har tenkt deg på besøk til magasinet så vert du sikkert teken godt imot, men før du får gå inn i det aller heiligaste må du drage blå plasthetter over skoa dine. Det er for å unngå at ein får inn på golvet slikt som kan gje grobotn for skadedyr.

 

Prioriteringar

Det er ikkje tvil om at etableringa av det nye magasinet heva kvaliteten på gjenstandsbevaringa ved Stiftinga Sunnmøre Museum mange hakk. Noko av det som har blitt betre er registreringa av gjenstandane. Ikkje ein einaste stol eller smørdall vert sett inn i magasinromet uten at det får tildelt nummer og flytskjema. I skjemaet vert det ført inn opplysningar om når gjenstanden vart frosen, reingjort, merka, fotografert og digitalisert. Det siste er ikkje minst viktig. Alle gjenstandar som finst på Sunnmøre Museum skal etter kvart registrerast digitalt i Primussystemet. Det sikrar museet gode opplysningar om gjenstandane og det sikrar betre oversikt over kva for gjenstandar ein rår over. Det er ikkje minst viktig ved inntak av nye gjenstandar, seier Stig. Museet har etter kvart ei omfattande samling av ølbollar frå Sunnmøre. Ølkulturen har tydelegvis vore dyrka her, om vi er i misjonslandet aldri så mykje. Det er ikkje inntak av nye ølbollar som vil bli prioritert i tida framover. Men her finst hol og det er framleis plass i magasinet. Så museet er ikkje ferdig med å samle inn og dokumentere Sunnmøre si nære og fjerne forhistorie. Men to ting vil ein ikkje vil ta vare på, og det er mott og møll!

 

Eldar Høidal

Kommentar (4)

Steinaldermannen

Arve Yndestad lærer ein elev å lage eld. Slik vert det fengande historieundervisning av.

Når Arve Yndestad fortel at han kjem frå steinalderen, er det mange av 3. klassingane som godtek det utan vidare. Små born har eit litt anna tidsbegrep enn oss, fortel han. At Arve har langt hår og skjegg og er kledd i ”ekte” steinalderklede, bidreg nok godt til å styrke forestillinga om at her har borna med ein vaskekte steinaldermann å gjere.

Og ei lita stund kan dei gjerne få leve i den trua, seier han. For meininga med formidlingsopplegget som Sunnmøre Museum har på den såkalla Steinalderholmen i Katavågen, er nett å gje dei unge ein smakebit av steinalderlivet. Også borna får på seg steinalderklede, grå lerretskofter som nesten skjuler dei rosa, lilla og gule jakkene frå Bik Bok og Cubus. I tillegg får dei vere med å lage steinaldermat, og smake plankesteikt fisk. Etter måltidet kan dei få lage skinnposer, piler av skifer og til og med vere med å hogge ut ein stamme som skal bli ein steinalderbåt.

Men det er ikkje heilt enkelt å halde på illusjonen om at dei er tilbake i steinalderen, der dei sit like ved parkeringsplassen til museet. Kanskje må også Arve hente noko utstyr i folkevognbussen sin som står parkert like ved, og då skjøner nok mange at han ikkje kjem frå steinalderen likevel.

Men dette gjer dei også til ein del av kunnskapsformidlinga. Når ikkje ein gong Arve kjem frå steinalderen, og han kan fortelje at den var lenge, lenge før hans tid – då byrjar borna å ane at det her er snakk om retteleg gamle dagar.

For Arve verkar det som om jobb og hobby går i eitt. Mange vil sikkert kjenne han som sjølve sjefsvikingen. Han er med i gruppa Møre frie vikinger som kjem saman for å halde ved like og formidle ein viktig del av den norske, historiske arven. Viking høyrest kanskje litt krigersk ut, men Arve er ein viking av den fredelege sorten. Han er ikkje så interessert i slossinga vikingane dreiv med. Han vil heller finner meir ut av handverka deira og ikkje minst av leikane. Når Arve har fri og ikkje sit saman med born på steinalderholmen, reiser han rundt med dei frie vikingane og formidlar kva våre forfedre styrte med då dei ikkje var ute på krigarferder. I pinsehelga skal dei til Herøy kystmuseum og dit inviterer dei små og store til å vere med å lage vikingmat og leike vikingleikar, og mykje anna.

Men tilbake til arbeidet: Arve er med i formidlingsgruppa til Sunnmøre Museum. Ingvill Wille er leiar i gruppa og det er som regel dei to som tek i mot elevar og lærarar som kjem til museet for å få ein annleis og levande historietime. Ho fortel at dei har opplegg som er spesialtilpassa dei ulike årsstega i barneskulen og at steinalderholmen er for tredjeklassingane. I fjerde klasse tek dei eit byks nokre hundreår fram i tid og konsentrerer seg om jernalderen, då nordmenn vart bufaste og la grunnlaget for det moderne landbruket.

Det er ikkje tvil om at både elevar og lærarar set pris på undervisningstimane dei har på Sunnmøre Museum. For borna er det langt meir action å få kjenne på og prøve flintreiskapar enn å sitje ved ein pult å bla i ei bok. Lærarane synest også det er kjekt med ei avveksling og at dei for ein gongs skuld kan lene seg litt tilbake og overlate undervisninga til museumsfolk, som kjem på vitjing heilt frå steinalderen!

Kommentar (1)

Gjenstandar med mykje attåt

 

Raudfargen kan symbolisere så mangt: feks fare, advarsel. Men også håp om ein ny vår i mai, som denne fagforeiningsfana viser. Frå utstillinga: Ei verd i fargar.

Det finst mange vegar inn i museumsarbeidet. Tone Anda byrja å interessere seg for utstillings- og museumsarbeid fordi ho opplevde det som dørgande kjedeleg å gå på museum. Dette måtte det då kunne gjerast noko med, tenkte ho med seg sjølv. I ei årrekkje har Tone vore sentral i utstillingsproduksjonen ved Sunnmøre Museum. I dag er ho utstillingsansvarleg ved Stiftinga Sunnmøre Museum og den det er naturleg å gå til når ein vil ha tips om korleis ein skal lage ei god utstilling.

Hennar tidlegare erfaringar med flate og livlause utstillingar har gjort at Tone no prøver å spele på eit breiast mogeleg register når ho skal lage utstillingar.

Ho seier at det som gjer det spennande å arbeide med museumsutstillingar, er at dei  bokstaveleg tala er multimedia.Her kan vi nytte ulike scenografiske verkemiddel som

lyd

lys

fargar

romeffektar

 

i tillegg til

luktar

foto

film

tekstar

og dei autentiske, tredimensjonale gjenstandane

Alle desse effektane kan vi bruke for å skape liv og setje i gang gode prosessar hos dei som besøker utstillingane, seier ho. Tone strekar under at museumsgjestane er ulikt skrudde saman. Nokre liker å stå i lang tid og lese tekstar. Andre går raskt forbi det skriftlege og stoppar opp dersom dei kan sjå på eller ta del i noko fysisk. Difor prøver Tone å kombinere gjenstandsutstillingar med eigenaktivitet. Særleg born vil gjerne ta på og kjenne sjølv når dei vitjar museet. Det må det leggast til rette for.

Tone er klar over at musea konkurrerar mot sterke aktørar når det gjeld å vinne merksemda til folk. Derfor må museet vere til stades på mange formidlingsarenaer, t.d. på internett, og nytte mange formidlingsmåtar. Museumsutstillinga er tradisjonelt den mest typiske formidlingsmåten for eit museum. Ei god utstilling kan skape opplevingar, interesse og engasjement, slik at folk kanskje vil kome tilbake fleire gongar for å gå djupare inn i materien. Kanskje vil dei søkje kunnskap om emnet i andre kjelder. I alle fall må det vere målet, å vekke engasjementet hos dei som oppsøker oss, seier Tone.

Eg vil vite om det er ei utstilling i hennar lange museumskarriere som ho er spesielt nøgd med. Ho tenker seg litt om, og landar først på Middelalderutstillinga der dei fekk låne inn middelalderskattar frå regionen som låg lagra i andre museum i landet. Men så ombestemmer ho seg. – Nei, sjølsagt, det må bli utstillinga vi hadde om folketru. Dette er eit tema ein i utgangspunktet skulle tru at det var vanskeleg å lage ei utstilling om, for temaet er jo abstrakt. Men vi tok i bruk dei verkemidla som vi hadde og som eg nemnde i stad; lys, mørkre, lyd, fargar, antydningar. Med til folketrua høyrde mellom anna sjøormen. Vi ville ikkje framstille heile sjøormen, berre halesnippen hans. Han virka mykje meir skræmande då, når vi ikkje kunne sjå kor svær han eigentleg var.  Eg trur vi greidde å vekke undringa til mange av dei som såg utstillinga og gje eit innsyn i tanke- og trusverda til forfedrane våre.

Den siste utstillinga Tone har hatt ansvaret for: Ei verd i fargar, er eit godt døme på at det ikkje treng å vere kjedeleg og grått i ei museumsutstilling. Her får dei besøkande innsyn i historia til alle fargane i regnbogen, korleis dei har påverka liva våre og liva til forfedrane våre. Vi trur kanskje at det gjekk mykje i grått og svart for nokre hundre år sidan. Men slik var det ikkje. Sjølv i antikkens Hellas var dei glade i, og brukte, fargar. I utstillinga får vi følgje fargetrådane derifrå og til Sunnmøre i dag. Antikkens raudfarge finn vi att i raudehua til Devold og det raude kortet til dommaren på Color Line Stadion. Nei, det er langt frå kjedeleg å vandre i utstillingsspora til Tone Anda.

Eldar Høidal

Kommentar (0)

Snart høgsesong ved Aalesunds Museum

Aalesunds Museum tronar på troppen av Grimmerhaugen i bysenteret.

Ved Aalesunds Museum er dei no i ferd med å klargjere museet til den mest aktive besøkssesongen. Museumsstyrar Ole M. Ellefsen fortel at ein del av klargjeringsarbeidet er å merke alternativ tilkomst til museet for cruisepassasjerar og andre. Dei grev og bygg ved det gamle Posthuset, der det tidlegare var ein gangveg som mellom andre cruisepassasjerane nytta for å kome raskt fram til museet. No må dei ut på ei lenger byvandring. Men aldri så galt at det ikkje er godt for noko. For det er mykje å sjå og lære i Ålesund, både for tilreisande og fastbuande.

Museumsstyraren fortel at det gjerne er den opplevings- og kunnskapssøkande individualisten som kjem til Aalesunds Museum. Dei som ikkje vert med på bussturane. – Slik vil vi gjerne ha det, seier Ole M. Vi legg vekt på personleg kontakt og direkte formidling til dei som kjem på besøk. Dette er gjerne menneske som er interesserte i historie og som vil lære mest muleg om stadane dei kjem til. Dersom dei har tid rår Ole M. Ellefsen gjerne dei besøkande til også å ta turen til Fiskerimuseet, der dei no står framom innspurten av arbeidet med ei stor utstilling om utviklinga til havfisket. Der kan vi følgje dei dristige sunnmørsfiskarane ut på ferder lenger og lenger frå land. Havfiske vart det når fiskarane kom så langt ut at dei ikkje rakk heim om kvelden, men måtte overnatte ute på havet. Slikt fiske stilte større krav både til fiskarane sin kompetanse og til båtane. Ole M. fortel at det var på 1600-talet at dei første gang var ute på bankane i norskehavet for å fiske.

Ei  anna nyheit av året er utstillinga om Ålesund kyrkje gjennom hundre år. Kyrkja feira hundreårsjubileet sitt i fjor. Og i år er kyrkja hovudtema i ei utstilling der ein mellom anna viser dei første skissene arkitekt Sverre Knudsen laga av Ålesund kyrkje.

Ole M. Ellefsen er ein kar med mange jarn i elden. I fjor kom han ut med to bøker, ei om forretninga Koppernæs i Ålesund og ei om folket i den værutsette Hustadvika. Når vi snakkar med han denne fredagen står han på farten til ein stor seremoni i Rådhuset i Ålesund. Der skal nemleg tidlegare styrar ved Aalesunds Museum og byvandraren framfor alle, Harald Grytten, motta sin kongelege St. Olavs orden. Då vi ringte til Ole M. var han nett i ferd med å avslutte talen til den populære formidlaren som altså sat i same styrarstolen som han sjølv i tjue år, frå 1973 til 1993. Det er nok ikkje vanskeleg å finne gode ord å seie om Harald Grytten. Han har også sett sine tydelege spor i museumshuset på Grimmerhaugen. Men livet går vidare og museumsutstillingane med dei. Så snart Ole M. er tilbake etter festen på Rådhuset vil han halde fram, saman med dei andre tilsette ved museet, å oppdatere og forbetre utstillingane som er plasserte i fire innhaldsrike etasjar i den staselege murbygninga på toppen av Ålesundsbyen, og i Fiskerimuseet ute ved Molja.

 Eldar Høidal

 

Kommentar (0)

Sunnmøre sett utanfrå

No slepp du snart å reise til sentrale arkiv for å skaffe deg opplysningar om fortida. Det norske Digitalarkivet.no har lenge gjeve tilbod om statistisk materiale og tidlege personopplysningar på nett. Det nye er at også avisene har byrja å leggje ut historisk stoff. Du er berre nokre tastetrykk unna informasjon som gjeld ditt eige nærområde for meir enn hundre år sidan. Den engelske storavisa The Times er blant dei som har kome lengst på dette feltet. Dersom du går inn på nettet og søkjer på adressa: www.timesonline.co.uk og går på ”Archive” har du tilgang på avisutgåver heilt tilbake til 1785. Det er ekstra interessant å  søkje etter lokalhistoriske informasjonar frå ei slik internasjonal kjelde. Då får ein sett seg sjølv utanfrå. Det er ikkje alltid at hendingar som vart vurderte som viktige her heime, har dei same dimensjonane i nabolanda våre.

Eit søk på Aalesund i Timesonline resulterer i 261 treff. Utan å vere abonnent på arkivtenesta får ein berre sjå dei tre-fire første linjene av artiklane, men det er nok for å skaffe seg eit inntrykk av kva dei handlar om.

Det er ikkje til å undrast over at brannen i Ålesund i januar 1904 vart slått opp også i den britiske avisa. Vi finn fleire artiklar som fortel om brannen, blant anna ein frå 25. januar med overskrifta ”Destruction of Aalesund”. Nyhendene reiste fort over landegrensene også tidleg på 1900-talet. Ein artikkel frå 1930 fortel om leiteekspedisjonen etter den svenske nordpolfararen André. Fire år seinare formidla Times nyhenda om raset i Fjørå: ”Disaster in the Fjords” stod det i overskrifta. Avisa skreiv at mange britiske turistar brukte å vitje dei norske fjordane om sommaren, så den store rasulukka gjorde eit sterkt inntrykk også i England.

Sjølsagt vart det skrive mykje om krigen frå 1940 til 1945. Ålesund er mellom anna omtalt i ein artikkel som fortel om sju skip som vart trefte i eit flyangrep i ein norsk fjord i oktober 1941. Det var jo elles frå England og London det norske folket fekk dei mest sannferdige og oppdaterte opplysningane under krigen. Ikkje frå The Times, men frå NRK som oppretta eit London-kontor.

Engelskmennene følgde med nordmennene også i fredsåra, og ikkje minst hadde dei eit vake blikk på kampen om dei norske naturressursane. I ei avis frå 1956 kan vi lese at den norske marinen hadde teke arrrest i fleire russiske sildebåtar som hadde fiska ulovleg. Åtte år seinare melde avisa at Unilever kjøpte opp eit norsk oppdrettsanlegg. Truleg er det her snakk om pioneranlegget, Nor-Laks, som brørne Olav og Karstein Oddmund Vik starta i Sykkylven seint i 1950-åra.

Det er lett å finne fram i arkivsidene til The Times. Ein finn eit søkefelt der ein kan søkje etter alle slags tema, stader og personar. Ein kan få artiklane ordna etter det som vert kalla relevans, eller etter alder. Viss ein vil ha full tilgang på all teksten, kan ein velje mellom å betale for ein dag, for ein månad eller for eit heilt år. Eit årsabonnement kostar om lag 500 kroner. Tilsvarande tenester vil etter kvart sikkert verte tilgjengelege også for norske aviser. Vi kan ikkje skilte med mange aviser som er over to hundre år gamle, men uansett står internettet meir og meir fram som ei uunnverleg kjelde for alle historieinteresserte. Det einaste problemet med dette, slik eg ser det, er at det vert for mykje stillesitting og gnuring på stolsetet. Og så er det så mange hyggelege og hjelpsame menneske å treffe i kjeldearkiva. Eg trur eg snart må ta meg ein luftetur til næraste arkiv, før alle skriftlege kjelder forsvinn inn i dataservarane..

 

Eldar Høidal

Kommentar (0)

Meir plass til møbelarven

Garden, design Peter Opsvik, produsert av Stokke, er eit av møblane dei besøkande kan glede seg over ved Norsk Møbelfaglig Senter.

Sunnmøre spesielt, og Norge generelt, har ein stor møbelarv. Men fram til i dag har arven blitt presentert på eit relativt lite museum, Norsk Møbelfaglig Senter i Sykkylven. Det skal det snart bli ei endring på. Dagleg leiar ved møbelmuseet, Kjetil Tandstad, kan fortelje at dei no arbeider med planar om å utvide utstillingsareala frå 100 til 250 kvadratmeter. – Reint praktisk skal det skje ved at vi tek i bruk nye lokale i andre høgda i det bygget vi har halde til i sidan 2000. Dette er eit stort framsteg for oss, som fram til i dag har hatt vanskar med å be på oss ein busslast med besøkande. I dagens utstillingsareal får vi problem med trafikkavviklinga om det kjem større grupper enn ti personar innom på same tid, seier Kjetil.

Den faste utstillinga ved museet, som har stått oppe sidan sommaren 2005, tek føre seg det mykje omtala møbeleventyret på Sunnmøre. Utstillingsansvarleg ved Sunnmøre Museum, Tone Anda, hadde hovudregien ved tillaginga av utstillinga som tek dei besøkande med på ei kjapp vandring gjennom hundre år med sunnmørsk møbelproduksjon. No skal etter planen denne hovudutstillinga flyttast opp i dei nye lokala, og då er det høve til å leggje til nye element. Her vil Norsk Møbelfaglig Senter invitere med seg representantar for dagens møbelindustri. Dei vil bli utfordra til å kome med innspel på korleis dei ønskjer å presentere sin industri i fortid og samtid. Kjetil Tandstad satsar på å presentere også moderne designmøblar i ”Nye Norsk Møbelfaglig Senter”. Norsk møbelindustri er kjent som landets leiande designindustri i dag, og det må sjølsagt kome fram når industrien skal presenterast i møbelkommune nr. 1 i landet.

Utvidingsplanane til møbelmuseet skal endeleg behandlast under eit møte i eigarstyret i april. Går det som Kjetil trur vil dei starte med ominnreiing og utviding i løpet av våren. Når hausten tek til vil dei sannsynlegvis kunne presentere både ei ny kontoravdeling, nytt bibliotek og kjeldemagasin, og kombinert møte- og utstillingsrom nede. I andre høgda vert det altså rom for ei stor utstilling, og for å vise fram nokre av dei godbitane som museet har samla inn frå norsk møbelproduksjon. I planarbeidet har dei lagt vekt på å sikre god tilkomst til alle delane av bygget også for handikappa. Det nye utstillingsrommet vil bli knytt saman med første høgda gjennom både heis og trapp.

Kjetil gler seg til å opne dørene for det nye museet ein gong mot slutten av året. Då kan endeleg den store møbelarven få kome til sin fulle rett:-)

Eldar Høidal

Kommentar (3)

Gründercamp blant utstoppa dyr

 

Fire av jentene som var med og gjorde Sykkylven Naturhistoriske Museum meir synleg.

Sykkylven Naturhistoriske Museum kan by på den største utstillinga av utstoppa dyr mellom Bergen og Trondheim. Det spesielle ved museet er at dyra er presenterte i montrar i sitt typiske miljø. Det er kunstnaren Stein Kåre Nygård og preparant Stein Ivar Bakka som har laga dei naturtru kulissane. Alle som kjem innom museet vert imponerte over kor flott dyra er presenterte, og kor levande dei verkar i det landskapet dei står i.

Magnhild Vatne vil gjerne at fleire skal få kunnskap om museet. Denne veka har ho fått ungdommeleg hjelp i marknadsføringsarbeidet. 9.klassingane ved Sykkylven ungdomsskule har hatt såkalla gründercamp. I denne campen skal dei ta fatt i konkrete utfordringar for ulike bedrifter og organisasjonar i kommunen. Utfordringa fem av elevane fekk ved Sykkylven Naturhistoriske Museum var denne: ”Musea i Sykkylven held ope for turistar om sommaren. Besøket er relativt lågt. Vi ønskjer likevel å halde fram med sommaropne museum, men vi er avhengige av å få fleire til å besøke oss. Kva og korleis vil de marknadsføre Sykkylven Naturhistoriske Museum for sommarturistar?”

Magnhild fortel at elevane gjekk laus på oppgåva med stort engasjement. Det første dei foreslo var å lage ei vindusutstilling i ein butikk i Sykkylven sentrum. Men dei fann fort ut at dette ikkje var den mest eigna måten for å treffe målgruppa. Difor kom dei over på ein idé om å presentere museet på Facebook. Det er vel det raskast voksande nettsamfunnet i dag, med brukarar over heile verda. – Heldigvis er eg med på eit kurs ved Sunnmøre Museum i web2.0. seier Magnhild, elles hadde eg vel knapt skjøna kva dei snakka om. Eg let meg raskt overtale til å gå for ei Facebook-side for museet. Denne veka har elevane arbeidd med å leggje ut bilete frå utstillinga vår på sida. Og dei har også laga film. Den vart til fordi elevane var nysgjerrige på kva som var inne i dei utstoppa dyra. Det fekk dei vite då dei tok ein tur til verkstaden til Stein Ivar Bakka i Velledalen. Her filma dei prosessen med å stoppe ut eit dyr, og dei fekk sjå skinnfellar som fekk nytt liv ved at dei vart trekte over ein innmat av hard støypeplast.  Denne filmen er lagt ut på Facebook-sida til museet.

Magnhild fortel at elevane har teke på seg eit ansvar for å halde sida oppdatert i tida framover. Men ho er også sjølv ført opp som sideadministrator og er budd på å supplere med informasjon etter kvart som det skjer nye ting ved museet. Noko av det beste med informasjon via sosiale media, som Facebook, er at kommunikasjonen er toveges. På sida vert alle som er innom oppmoda om å kome med tips til nye aktivitetar ved museet.

Magnhild har sett eit veksande engasjement for museet blant dei fem elevane gjennom dei dagane dei har arbeidd med prosjektet. Ho er glad for at ungdomsskulen let elevane få møte museet på denne måten. For mange er det slik at dei ikkje har vore på vitjing ved museet sidan dei gjekk i barnehagen. Gjennom informasjonen som elevane no har lagt ut på Internettet vil mange få vite meir om kva som skjer bak museumsveggane og forhåpentlegvis få lyst til å besøke museet også. Så vert det spennande å sjå om turistane følgjer etter!

Siste dagen i gründercampveka fekk elevane presentere prosjekta sine for medelevar og ein jury som skulle vurdere dei ulike innslaga. Uansett korleis det gjekk her, vil i alle fall Magnhild rose elevane som arbeidde for henne. ­– Dei var flinke. Og så var det ei nyttig erfaring for meg å få sjå museet med unge auge. Dei fekk leggje dette opp akkurat slik dei hadde lyst til det, og for meg var det lærerikt å observere kva elevane la vekt på ved utstillinga og museet. Dette er ting som eg vil ta med meg i det vidare arbeidet, seier Magnhild, som også har bakgrunn som pedagog i skulen.

Eldar Høidal

Kommentar (3)

Nytt liv for Landbruksmuseet

Seljegeita kikkar lurt på oss.

I Sunnmøre Museum er det godt å vere. Det meinte dei også ved Landbruksmuseet på Gjermundnes som årsskiftet 2008/2009 vart det tolvte museet i Stiftinga Sunnmøre Museum. Det var dei som hevda at Landbruksmuseet, som ligg i Romsdalen, naturleg burde sokne til Romsdalsmuseet. Slik vart det altså ikkje, og det kan vel vere like greitt, for museet har eit fagleg ansvar for all landbrukshistorisk dokumentasjon i Møre og Romsdal. Og historisk har jo landbruksnæringa vore like viktig på Sunnmøre som elles i fylket.

Det er Anita Waatvik som er ansiktet utover for Landbruksmuseet på Gjermundnes no. Ho er vikar for avdelingsleiar Anne-Marie Førde som for kort tid sidan tok til som direktør for musea i Sogn og Fjordane. Med Anita har Landbruksmuseet fått ein person med svært lang fartstid frå museumsbransjen. Ho er frå Nordland og starta si museumskarriere ved Meløy bygdemuseum der ho var i ti år. Saman med Anne-Marie engasjerte ho seg etter kvart i museumsorganisasjonane. Denne ballasten kom vel med då ho tok til i stillinga som museumskonservator for musea i Møre og Romsdal med arbeidsstad Fylkeshuset i Molde.

No er ho altså tilbake i praktisk museumsarbeid, og Anita har erfart at det kan vere av så ulikt slag. Noko av det første ho måtte ta tak i var dreneringa rundt gamleløa på Gjermundnes frå 1898. I løa er ein viktig del av samlinga til museet lagra og stilt ut. Tidlegare har dei satsa på at grunnen skulle vere sjølvdrenerande. Det har vist seg at det ikkje er godt nok. No har museet fått midlar til å føre takvatn og anna tilsigsvatn i rør til tankar. Slik vil det bli eit mykje tørrare grunnmiljø rundt den gamle løa. Det passar betre for dei gamle traktorane som er utstilte i den tidlegare gjødselkjellaren. Dei fleste vil skjøne at det må stillast andre krav til lagringsmiljøet for historiske ”gråtassar” enn for næringsrik husdyrgjødsel.

Gjermundnes har ein god klang i øyra til gamle landbruksfolk i vårt distrikt. Det var til landbruksskulen på Gjermundnes dei som ville ha litt fagleg skulering i landbruksyrket reiste. Anita held til i det gamle administrasjonsbygget til landbruksskulen, og løa som no vert ”tørka opp” er den gamle skuleløa. Frå kontorvinduet sitt kan ho i dag sjå over til den andre sida av tunet der den nye ”landbruksskulen” (Gjermundnes vidaregåande skule) held til med administrasjonsbygg, driftsbygning og hybelhus for elevane. Dette nære hopehavet mellom skule og museum verkar positivt for begge partar. Den historiske kunnskapen som andre landbrukselevar må hente frå bøker kan Gjermundneselevane få inn ved å vandre gjennom museet sine utstillingar. Og museet sjølv har ei stor brukargruppe i elevane og dei kan også nytte elevressursane når dei har arrangement på museet. På den planlagte marknadsdagen i vår vil elevane selje produkta som dei har laga eller dyrka.

Det er så moderne med museumsnettverk i våre dagar. Det er snakk om at Gjermundnes skal inn i eit nasjonalt nettverk for landbruksmuseum. Den gode tanken med dette nettverket er at musea skal spesialisere seg på kvar sine område og til saman gje eit fulldekkande bilete av utviklinga til den norske landbruksnæringa. For Gjermundnes vil det vere naturleg å spesialisere seg på landbruksutdanninga i eit slikt nettverk, seier Anita. Sjølv om ikkje nettverket har kome i gang enno, har Gjermundnes-museet allereie kome eit steg på vegen med å lage ei skuleutstilling. To av internatroma i det gamle skulebygget er sett i opphavleg stand, slik at folk kan sjå korleis dei hadde det på fritida dei som skulle utdanne seg til agronomar på Gjermundnes.

Men den store utstillinga ved museet i sommar vert utstillinga om kystgeita. Geita er ei smart og tilpasningsdyktig skaping, men nett denne geiterasen er utryddingstruga, fortel Anita Waatvik som gjerne slår eit slag for denne gode landskapspleiaren. Utstillinga om kystgeita opnar i slutten av april og varer til midten av august.

Eldar Høidal

Kommentar (0)

Dei som tente lysa

Saman står vi sterkare. Dette var overtydinga til dei musea som for få år sidan gjekk saman i Stiftinga Sunnmøre Museum. Dalsfjord Fyrmuseum i Volda kommune er i dag eitt av desse musea. Og dersom samhald gjer sterk, skulle fyrmuseet stå ekstra godt rusta, for dei er ikkje med i berre eitt museumsnettverk, men i to. Dei utgjer ein av fire hjørnesteinar i det som vert kalla Kystverkmusea i Norge. Dei andre musea i dette kystnettverket er Lindesnes fyrmuseum, Tungenes fyr på Jæren, Lofotmuseet og altså Dalsfjord Fyrmuseum. Til saman skal desse musea vise korleis kysten vår vart lyssett og gjort tryggare for sjøfarande frå tidleg på 1800-talet. I tillegg til fyrvesenet si utvikling, skal musea også kaste lys over merke- og hamnevesenet si historie. I dag er alle desse ”vesena” slått saman til Kystverket, med hovudkontor i Ålesund.

Det er Frode Pilskog som dreg i trådane ved Dalsfjord Fyrmuseum. Han vart tilsett då Sunnmøre Museum i 2009 tok over driftsansvaret for museet som frå etableringa i 1993 har vore bygd opp av eldsjeler i Dalsfjorden. Han disponerer ei rik samling med fyrgjenstandar, ca 300 i talet. Dette er gjenstandar som Kystverket har skifta ut opp gjennom åra, teknisk utstyr og verktøy som fyrarbeidarane nytta då dei bygde og heldt vel like fyra.

De fire fyrmusea skal dyrke kvart sitt særpreg og dermed fylle kvarandre ut, slik at dei til saman skal kunne gje eit fullgodt bilete av denne delen av kysthistoria. Hovudoppgåva som Dalsfjord fyrmuseum har fått er å dokumentere og formidle den sosiale historia til dei som var med å byggje fyr, lykter, merke, fortøyingsfeste og hamner langs kysten. Til dette føremålet har dei samla inn sjølvbiografiar, dagbøker, arbeidsattestar med meir heilt tilbake til 1840-åra.

Førebels er det eit lite stykke igjen før fyrmuseet er i mål på anleggsida. I dag er gjenstandane samla i tre ulike bygg, og kontoret til museumstyraren er i ei brakke. Men planane er klare for eit nybygg. Det skal reisast av Volda kommune i tilknytning til Dalsfjord skule som også i dag hyser delar av samlinga til museet. Etter at nybygget er kome opp, vil ein ha høve til å lage gode utstillingar der dei kan vise korleis fyrarbeidarane arbeidde og levde på dei lange arbeidsreisene sine som varte frå våren til seint på hausten.

Frode Pilskog berømmer eldsjelene som har bygd opp dette museet frå grunnen av. Utan innsatsen til karar som Kjell Viken, Sverre Lillestøl og Arnt Ove Wiik hadde det ikkje vore noko fyrmuseum i Dalsfjorden eller på Sunnmøre. Og er det nokon plass eit slik museum høyrer heime, så må det vere her. Ein stor del av den mannlege befolkninga i Dalsfjorden var i fleire generasjonar med på dette arbeidet, og dei utgjorde sjølve ryggrada i det norske fyr- og merkevesenet. Oppdragsgjevarane ville gjerne ha arbeidarane frå Volda med seg år etter år, for det var pålitande og dyktige fagfolk. Dette skal vi få vite meir om når museumsbygget ved Dalsfjord skule står klart om eit par års tid.

Eldar Høidal

Kommentar (0)

Eit levande museum

Ytste Skotet ligg i naturskjønne omgjevnader i Storfjorden.

Alle museum ønskjer å stå fram som ”levande museum”. Uttrykket har nesten fått eit floskelpreg over seg. Men når det gjeld avdelinga Ytste Skotet i Sunnmøre Museum kjennest karakteristikken treffande. Ikkje berre fordi museumsstyraren, Kari-Anne Nilsen, er ein sprudlande og engasjert fagperson, men fordi ein viktig del av museet si samling er det som gror og lever i fjellsidene og markane rundt denne garden midt i Storfjorden.

– Ja, Ytste Skotet er ikkje ei kulisse, men ein levande gard, seier Kari-Anne. – For eksempel er dyra våre ein del av opplevinga. På Skotet jobbar vi for at dei gamle husdyrrasane som høyrde til på desse gardane skal ha ein god heim. Med det same snøen reiser, går vi over fjellet for å hente heim fjordfekua vår som skal kalve på Skotet denne sommaren. Vi vil i tillegg ha ein gammalnorsk sau gåande i utmarka.

Dei besøkande vil også få treffe på gardshunden. Kari-Anne har nett skaffa seg ein buhund-kvalp som til sommaren får oppgåva som folkekjær medvert på Skotet. Menneska på garden er også viktige, understrekar museumsstyraren: – Når du kjem på Skotet vil du treffe kårfolk med lang røynsle i korleis livet var på desse gardane. Men sjølve livsgrunnlaget var, og er, naturen. Noko av det viktigaste vi ønskjer å vise fram, er korleis landskapet har vorte forma av menneska gjennom bærekraftig bruk i mange hundre år.

Tresleiver, ljåar og trebenkar er sjølvsagt også ein av del av museumssamlinga til Ytste Skotet, men det er far etter folk i naturen som opptek Kari-Anne mest. Ho vil heller vere i utmarka og kartleggje artsmangfaldet i ein steingard, sjå på floraen i ein gammal slåtteteig eller drive skjøtsel rundt styvingstrea for å få fram korleis menneska langs Storfjorden levde og påverka landskapet.

– Steingard, det er vel berre ei rekkje med steinar som er lødd opp på kvarandre, påstår eg. Og avslører med det mi vankunne. Kari-Anne kan fortelje at steingardane er eit økosystem for seg med mange ”innbyggjarar”. Her kan ein finne både mus og piggsvin, hekkande fuglar og ormar. I tillegg har mose og lav funne livsgrunn på desse skilja mellom innmark og utmark.

Vi stussar ved ordet styvingstre, men Skotet-styraren kan fortelje at dette er tre der greinane vart kappa av for å gje tilleggsfor til dyra, og dei var ein viktig ressurs på sjølvbergingsgarden. Både bjørk og andre tresortar kunne nyttast til slik hausting, og fangsten vart kalla lauvkjerr. Når dei slutta med dette, voks greinene heilt vilt på trea, og det er desse ein kallar styvingstre. Viss ikkje det vert stelt rundt trea misser vi desse kulturminna, og kanskje også mykje av kunnskapen om sjølvberging?

Kari-Anne ser at landskapet rundt Skotet gror att i rask takt.  Ho vonar at garden på Ytste Skotet kan stå att i framtida som eit kompetansenter der ein kan vise fram og studere korleis landskapet på våre kantar har blitt påverka av menneskeleg aktivitet. Difor har ho no starta eit forskingprosjekt som går ut på å studere vegetasjonen og floraen på ei slåttemyr. Denne teigen har vore skjøtsla så lenge det har vore busetnad på Ytste Skotet, i kanskje tusen år. Etter at dei siste bufaste flytta frå garden, har stykket grodd til. I fjor blei heile 80 mål rydda på dugnad, og no startar arbeidet med å registrere korleis biologisk mangfald vert påverka av jamn skjøtsel og bruk. Kari-Anne vonar at Storfjorden sin status som verdsarvområde gjer at ein kan få offentlege midlar til å gjennomføre eit slikt kartleggingsprosjekt som går over mange år.

Men før Kari-Anne kan halde fram med dette langsiktige prosjektet, må ho løyse ei utfordring som er langt meir kortsiktig: Transporten til og frå Ytste Skotet sjøvegen må på plass. Før sesongen tek til skal ho helst ha ordna avtalar med bedrifter og organisasjonar som kan sikre eit stabilt transporttilbod.  Ho har god tru på at ho skal lukkast å få eit opplegg i stand og finne ei båtordning som kan sikre skyss i heile området, ikkje berre til Ytste Skotet. Så dersom bedrifta di vil vitje eit museum på rot, og oppleve på nært hald det blant anna FN kallar verdsarvkultur, er det berre å ta kontakt med Kari-Anne Nilsen. Ho kan love ekte vare.

Velkomen til eit levande museum!

Kommentar (1)

Sunnmørsmosaikken

Som mange vil vite gjekk dei fleste musea på Sunnmøre i 2003/2004 saman i Stiftinga Sunnmøre Museum. Dei vart då underlagde eit felles styre som skal sjå til at drifta av musea skjer i samsvar med dei retningslinjene som myndigheitene har fastlagt for verksemda vår. Styreleiar i Stiftinga har sidan skipinga av den nye, konsoliderte eininga vore Arne Tunheim. Det er frå han eg har henta uttrykket Sunnmørsmosaikken. Arne har nytta dette biletet for å vise kva for ambisjon han har hatt med Stiftinga Sunnmøre Museum. Museet, med dei mange bitane, skal til saman danne eit mest mogeleg komplett bilete av folkelivet på Sunnmøre i fjern og nær fortid. Underteikna bloggar deler fullt ut styreleiar Arne Tunheim sine ambisjonar. Og eg ser at vi etter 2004, gjennom stiftinga, har fått ein reiskap som gjer det lettare å realisere denne ambisjonen enn det var tidlegare. Då opererte kvart museum meir i ei lokal ramme. Dei skulle først og fremst svare på behova i lokalmiljøet og museumslivet hadde ei stø retning, stukke opp av dei som i si tid etablerte lokalmuseet. No er altså musea førte inn under ei regional ramme, og alle skal i felleskap oppfylle ei målsetning om å spegle av samfunnet på Sunnmøre i fortida.

Denne situasjonen stiller oss kanskje overfor nokre utfordingar. Det vil vere liten meining i om alle musea på Sunnmøre skulle satse på den same profilen og samle på dei same gjenstandane. Som Arne Tunheim har sagt ved fleire høve er det langt meir interessant om musea kan bli meir ulike kvarandre og dyrke sine lokale særpreg. Det er då vi kan nærme oss den gode museale sunnmørsmosaikken.

For at mosaikken skal bli fullt ut sunnmørsk, kan det hende at vi må hente inn nokre nye glasbitar, og at musea kanskje inkluderer nokre nye element i samlingane sine. Sunnmøre Museum i Borgundgavlen viser byggjeskikk og levemåte i det gamle sunnmørssamfunnet. Her er ikkje eit einaste typehus frå etter siste verdskrigen. Kvifor skal ikkje museet ha det? Også desse husa høyrer med i ei lokal busetnadshistorie. Utdanningsvesenet på lågt og høgt nivå har endra heile samfunnsstrukturen på Sunnmøre og gjort den sosiale mobiliteten langt høgre enn han var for hundre åra sidan. Det vil seie at du kan ta utdanning slik at du kan få eit anna yrke enn det foreldra dine hadde. Det er ei historie som ikkje noko av musea på Sunnmøre tek skikkeleg tak i. Og kva med reiselivet, den største vekstnæringa, eller kraftverka som har lagt til rette for industrireising og velstandsvekst i alle fjorbygder.

Det er mange oppgåver å ta fatt i for dei eksisterande musea i tida som kjem. Eg synest heller ikkje det hadde vore av vegen med nokre nye museum eller dokumentasjonssenter. Så kan den museale mosaikken få fram eit bilete av kvifor Sunnmøre vart slik vi ser regionen i dag.

Eldar Høidal

Kommentar (3)

Det går ikkje over!

– Vi vaksne kan aldri nå dei unge nettbrukarane heilt att, men vi kan prøve å følgje etter dei og lære oss å kommunisere gjennom dei kanalane dei kommuniserer gjennom. Viss vi vil nå dei med det vi har på hjartet, har vi ikkje noko anna val. Det er Frøydis Høyland Svisdahl som seier dette. Ho er formidlingsansvarleg ved Sunnmøre Museum. Ho er ei som museet sin fredagsbloggar bør lytte andektig til og sikkert helst følgje råda til. For eg og dei andre som har prøvd seg som bloggarar har erfart at det ikkje held å kalle ein artikkel for blogg, og så rekne med at unge lesarar strøymer til!

Frøydis har lenge vore interessert i kulturformidling, og dei siste åra har ho fått tent interessa for å ta i bruk dei nye internettkanalane for å formidle den glade bodskapen til ungdomen. I desse dagar førebur ho ein kursserie for museumstilsette i heile fylket. Det dei skal lære er å ta i bruk dataverkty som vert samla under omgrepet web 2.0. Kva er så det for noko, vil eg vite.

– Det står for andre generasjon webløysingar, fortel Frøydis. I første generasjon var det gjerne slik at fagfolk ville informere om ulike tema eller organisasjonar. Dei nye løysingane er langt meir dialogorienterte. I web 2.0 kan alle vere med utan å kunne så mykje om programbehandling. Difor har vi sett at det blomstrar opp med bloggar, heimesider, wikis og nettsamfunn der folk kan kommunisere med kvarandre eller aktivt spørje etter informasjon om alt som dei lurer på. Vi kan seie at nettet har vorte demokratisert gjennom web 2.0. Denne nettverda må også museumstilsette forhalde seg til, seier Frøydis, for det går ikkje over!

Eg vil vite om ho har nokre gode råd til oss som har hive oss ut i den store, verdsvide veven slik at setningane våre når fram, kanskje også til ungdomsgruppa. – Det er viktig at du løyser opp formuleringane dine og bruker eit munnleg språk. Ein annan regel er at du må tenne interessa med ein gong. Ungdomen les toppen tre setningar før dei har teke ei avgjerd om dei går vidare. Det nyttar ikkje å vente med poenget til slutten av ein lang artikkel, då har du i alle fall ikkje dei unge lesarane med deg lenger.

Eg ser tilbake til starten på denne bloggen, og må nok innsjå at eg har mist dei fleste unge lesarane allereie før eg kom til første linjeskift. Men Frøydis er optimist. Ja, ho har vel ikkje lov til å vere anna, for det er jobben hennar å tru at det nyttar for godt vaksne folk å kome inn på dei nettkanalane der dei unge ferdast. Og ho er også overtydd om at fagfolka på musea har noko å bidra med der ute: – Vi kan mellom anna bidra til å øve dei unge opp til kjeldekritikk. Ho viser til dømes til nettleksikonet Wikipedia. Mange unge nyttar Wikipedia i skulearbeidet som vi i vår ungdom brukte dei bindsterke og kvalitetssikra leksikona som stod i bokhylla heime. No er det slik at artiklane i Wikipedia er lagt ut av forskjellige slags menneske, og det er ikkje alltid at det som står der er rett. Her kan fagfolka på musea vise veg til sin meir handfaste dokumentasjon i gjenstands- og minnesamlingar. Kvalitet og sanning går aldri av moten, men kvaliteten og sanninga må vere der ungdomen er. Difor er det viktig at også museumstilsette veit kva Web 2.0 er for noko, seier Frøydis Høyland Svisdahl, som håper på fulle benkerader når ho seier vel møtt til kurs både i Ålesund og Molde i midten av februar.

Eldar Høidal

Kommentar (2)

Meir enn eit museum

Eit museum er ikkje kva det ein gong var. Men for folk flest er nok museum likevel framleis ein stad der dei samlar på gamle gjenstandar som dei stillar ut og som ein helst ikkje skal røre. Ein av dei som gjerne vil vere med å endre den tradisjonelle oppfatninga av kva eit museum er, er styrar ved Volda Bygdetun, Heidi Thøni Sletten. Bygdetunet har dei siste åra vore arena for store friluftskonsertar, kunstutstillingar og matarrangement. Sjølv om slike hendingar ikkje er omtalte i museet sine vedtekter, synest Heidi det er flott at ho av og til kan invitere til litt uvante arrangement i ein musemssamanheng.– Når folk kjem til museet på ein konsert, får dei oppleve museet og gjenstandane der på ein ny måte, seier Heidi. – Ved at museet opnar seg for nye kulturuttrykk og nye menneske, trur eg at musea vert opplevde som meir relevante for mange. Eg er også overtydd om at vegen til museet vert kortare, og at mange i neste omgang ønskjer å kome tilbake for å kike meir på tinga som dei berre fekk sett overfladisk då dei var på konsert.

Heidi fortel at den siste konserten på Volda bygdetun var ein intimkonsert i Heltneløa i fjor haust. Det var felespelaren Jorunn Marie Kvernberg som underheldt. Som ein aperitif til konserten vart det servert blåbærpai, med blåbær som var plukka på taket til Heltneløa. Her kan ein trygt snakke om kortreist mat, ler Heidi. Ho plukka heile 8 kilo blåbær på løetaket. 

Dei siste åra har her vore fleire godt besøkte utekonsertar. Bloggaren var sjølv tilstades då Vamp hadde konsert i tunet for om lag fem år sidan. Det er sjeldan ein opplever utsikt til fjord og fjell samstundes som ein kan nyte levande musikk frå scena. Framfor scena er bakken forma som eit naturleg amfi noko som gjer akustikken veleigna både for høglydt folkerock som Vamp framfører, og meir stillslege tonar frå ein Odd Nordstoga eller Jorunn Kvernberg. Frå same scena vart det i fjor også vist film i samband med dokumentarfilmfestivalen i Volda. Volda har eit aktivt og nyskapande høgskulemiljø, og lærarar og studentar her har også fanga opp dei gode kvalitetane som finst i museumsmiljøet på bygdetunet. For ei tid tilbake arrangerte Volda-studentar kunstutstilling der kunstverka hang på dei grove og mørkbeisa tømmerveggane. Tilbakemeldingane frå deltakarar og publikum var gode. Det har dei også vore etter dei årvisse matarrangementa som har vore på tunet. Desse vert skipa til i eit samarbeid mellom museet og lærarutdanninga ved høgskulen i samband med Forskingsdagane. Eit stunt frå eit slikt arrangement som vil bli hugsa lenge var opninga av eit hermetikkglas med mat som hadde vore lagra i over femti år. Maten hadde visst halde seg godt etande i alle desse åra, men det var ingen som vart freista til å prøvesmake! Då er nok fersk blåbærpai laga av blåbær frå taket på Heltneløa meir attraktivt.

Høgskulen har også oppdaga ein annan måte å bruke museet på. Heidi fortel at det har vore arrangert munnleg eksamen i eit av museumshusa. Då har dei ansvarlege for eksamensavviklinga forstått det: Eit museum er rette staden når ein skal nå topp-prestasjonar.

Så konklusjonen er altså at eit museum ikkje berre er eit museum. Og for å gjere biletet enno  meir komplett. Museet i Volda er ikkje berre Volda Bygdetun. Heidi skal også sjå til, og skape aktivitet i Garvarbuda, Sivert Aarflot-museet og Austefjord Bygdemuseum. Museumsstyrar Heidi har nok å henge fingrane i!

 

Eldar Høidal

Kommentar (0)

Midt i blinken!

Heidi Albertinesdatter Haugene er instruktør på bogekurset i Sykkylven.

Vi har Godøy Kystmuseum sin bogeskytande arkeolog og museumsstyrar på tråden. Heidi A. Haugene vil gjerne invitere til kurs i laging av langboge i Sykkylven andre helga i februar. Eg vrir meg litt i stolen. Kva skal ein fredsæl bloggar på ei bogekurs? Men etter å ha lytta til Heidi ei stund, er bloggaren si nysgjerrigheit tent. Kanskje kurset kunne ha vore interessant likevel. Heidi fortel at dei på kurset vil lære bort kunsten å lage boge etter modell frå ein dansk boge som er om lag 9 000 år gammal. Den såkalla Holmegardsbogen vart ikkje nytta til krigerske føremål, men for å skaffe mat til steinaldermenneska. Dette var før dei vart bufaste bønder og byrja å gjerde inn områda for å skjerme dei tame husdyra sine. Ja vel, å få historiekunnskap inn gjennom å arbeide med fingrane er kanskje ikkje så dumt. Etter den korte leksjonen til Heidi om steinaldermenneska sin våpenbruk, skjøner vi at dei hadde sine grunnar til å lage boger, og gjerne langboger som det gjekk an å leggje kraft bak.

Det er slik Heidi gjer historietimane sine levande også for skuleelevane i Giske kommune. Ho er styrar for eit museum som har fleire avdelingar, mellom anna ei krigshistorisk utstilling og ein presentasjon av utviklinga i fiskeria. Ei losutstilling har nettopp komen på plass. Naturleg nok har ho ei spesiell interesse for den arkeologiske avdelinga. I den dreg ho vekslar på fire store gravhaugar, ei på kvar av dei fire øyane i Giske kommune; Vigra, Godøya, Giske og Valderøya. Når ho tek med elevane på vitjing til gravhaugane, er ho gjerne sjølv utkledd som jarnalderkvinne, og ho viser dei funna som er gjorde i haugane og fortel om livet til dei menneska som budde her ute for meir enn tusen år sidan. Og også her kjem kunnskapane hennar om bogebygging og bogebruk til nytte. Med dei kan ho fortelje korleis forfedrene våre nytta ut viltressursane, ho kan fortelje om livsvilkår og om arbeidsdeling. Nokre av elevane vil sikkert spørje om det var vanleg at kvinnene var med på jakt med boger for 2000 år sidan. Heidi kan svare, og ho kan samtidig vere nøgd med at ho lever i 2010 slik at ho kan få dyrke bogeinteressa si som ho vil.

Heidi sine arkeologiske interesser sluttar ikkje ved kommunegrensene til Giske. Ho har i fleire år vore tilsett som arkeolog ved kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune og har vore med på mange arkeologiske utgravingar på Nordvestlandet. Mellom anna i samband med Ormen Lange-utbygginga på Aukra. Noko av det ho brenn mest for akkurat no er fornfunna som er gjorde på Hammarseth i Straumsdalen i Sykkylven. Her på 400 meters høgd har Heidi og lokale historieinteresserte avdekka ein buplass som det knapt finst parallellar til her i landet. Heidi og fleire lurer på kvifor dei etablerte ein så rik busetnad så høgt når det fanst område som var lågare og som ein skulle tru var klimatisk meir gunstige. Ho vil søkje om midlar til eit forskingsprosjekt for å finne meir ut av dette, og for å grave meir i grunnen etter spor frå levd liv. Kanskje finn ho ein langboge? Inntil vidare får ho nøye seg med langbogen frå Danmark. Og alle som er interesserte i å lære meir om korleis dei greidde å få has på villsvin og reinsdyr i steinalderen kan vende seg til Heidi, eller Magnhild på Naturhistorisk Museum i Sykkylven som er lokal koordinator for bogekurset.

Eldar Høidal

Kommentar (1)

Med gode venner på laget

Stiftinga Sunnmøre Museum består av 13 museum. Dei fleste av musea er små, med berre ein eller to fast tilsette. For dei små musea, og for dei store, er det godt å ha gode venner å støtte seg til. Det kan dei musea stadfeste som er heldige å ha aktive venneforeiningar. Mellom desse er Ishavsmuseet på Brandal i Hareid kommune. Museumsstyrar Webjørn Landmark er einaste fast tilsette i museet, som har spesialisert seg på dokumentasjon av selfangst og overvintring i polare strok. For han har det vore til uvurderleg hjelp å ha Ishavsmuseets Venner i ryggen.  – Eg innser at vi hadde hatt eit heilt anna, og truleg langt svakare museum, om vi ikkje hadde hatt venneforeininga. Eg merka etter 2004, då vi gjekk inn i Sunnmøre Museum, at engasjementet for museet blant folk flest i Hareid gjekk noko tilbake. Mange meinte at museet no var kome inn i ein trygg hamn, og at det ikkje lenger var trong  for breidt lokalt engasjement for å halde drifta oppe. Då var det heilt avgjerande at eg kunne støtte meg til venneforeininga. Dei har vore lette å engasjere i dugnadsarbeid og i ulike arrangementstiltak. Elles registrerer han at venneforeininga er med å halde oppe den lokale interessa for museet. Utan dei lokale pådrivarane i venneforeininga ville drifta av museet ha blitt mykje tyngre. For trass i at museet no er lagt inn under ein større regional museumsparaply, er det det lokale engasjementet som gjev museet vitalitet.

Webjørn fortel at Ishavsmuseets Venner har om lag 400 medlemer. Medlemene kjem frå inn- og utland. Dei har medlemer heilt frå Canada, frå Sverige og Danmark, i tillegg til dei norske medlemene. Foreininga har sitt eige styre og eigne vedtekter. Dei er sjølvgåande på alle vis, men museumsstyraren har møterett på alle møta. Den viktigaste aktiviteten til foreininga er utgjevinga av medlemsbladet Isflaket. – Dette er polarformidling på høgste plan, seier Webjørn. Nyleg kom Isflaket nr. 4 i den ellevte årgangen ut. Og vi ser raskt at her er mange godbitar for dei som er interesserte i polarhistorie. Hovudartikkelen er om båtbyggjaren Nils Skandfer og båtane han bygde. Her er elles artikkel om den årlege ishavskvelden ved museet, om ulukkespåska i Vestisen i 1917 og om helseutfordringar i polare strok.  

Venneforeininga tek også på seg praktiske oppgåver, og Webjørn er glad for hjelpa han får med nedvask av det store bygget når det trengst. Bygningane i museumsområdet skal også vedlikehaldast på anna vis, og vedlikehaldsmidlane kan drygast mykje lenger når ein slepp å betale for arbeidskrafta. Venneforeininga skipar også til gode arrangement som grillfestar og syng med oss- kveldar, tiltak som alltid dreg mykje folk til museet. Det er ikkje vanskeleg å forstå at Webjørn set pris på vennene sine.

Det er også andre museum i Sunnmøre Museum-fellesskapen som har venner med på laget. Vi veit at museumslaget ved Brudavolltunet er med å skape gode stunder på tunet både sommar og vinter, og at medlemene i laget også tek praktiske tak i museumsdrifta elles. Gjengen ved Fiskerimuseet i Ålesund har også utretta storverk på dugnadsbasis, og museumslaget til Sunnmøre Museum i Borgundgavlen er svært aktive. Bloggaren sjølv gler seg mykje over samarbeidet med medlemene i Norsk Møbelfaglig Senter si venneforeining. Som på Brandal er vår venneforeining med å styrke banda til lokalmiljøet og hente fram alle dei kunnskapane og erfaringane som folk flest sit på. Museuma har ei viktig rolle som kulturformidlarar og identitetsskaparar i lokalsamfunna. Med gode venner med på laget har musea mykje større sjansar til å gjere denne oppgåva godt.

Eldar Høidal

 

Kommentar (0)

Opplevingar som festar seg i minnet

Arkeolog Rolf Bade insturerer i bogeskyting.

Tida etter eit nyttårskifte er for museumsfolk, og mange andre, ei tid for oppgjer. Då skal rekneskap gjerast opp og årsrapportar ferdigstillast. I desse dagar sit det mange avdelingsleiarar og fagansvarlege ved Sunnmøre Museum og summerer besøkstall og nyregistrerte gjenstandar. Ei av desse er museumspedagog Ingvill Wille.

For Ingvill har det ikkje gått kjedeleg rutine i utarbeiding av årsrapport. Ho er i ferd med å avslutte sin andre årsrapport då vi uroar henne i arbeidet den første tysdagen i 2010. Det kan også vere andre grunnar til at vi ikkje høyrer eit einaste misnøgd grynt då vi kikar over skuldrene hennar i rapportskrivinga. På side to i den prisverdig kortfatta årsrapporten står det noko om besøkstala frå barnehagar og skular gjennom dei siste tolv månadene. Både for Ingvill og dei andre på museet må dette vere oppmuntrande lesnad. I 2008, då Ingvill hadde eit godt halvår på museet, var det 2863 barnehage- og skuleborn som tok del i eit opplegg i regi av museumspedagogen. I 2009 var besøkstalet auka til 4712, ein auke på 1849. Det må ein kalle ein imponerande besøksvekst!

Ingvill er snar med å dempe forventningane til at denne ekspansjonen kan halde fram. – Vi har kanskje nådd tålegrensa no, med den bemanninga vi har, seier Ingvill. Ho registrerer at dei fleste vitjingane frå denne brukargruppa skjer i månadene juni og september. Det er naturleg. Det er då dei fleste skulane har lagt museumsbesøk inn i planane sine. Museet prøver å fordele besøka så godt det let seg gjere, for å kunne ta i mot fleire på årsbasis. Men vi kan trygt slå fast at januar er ein dårleg månad for skulebesøk. Då er heller tida for å evaluere og planleggje. Og etter vårt syn skulle det ikkje vere nødvendig å endre så mykje på oppskrifta. Ingvill har truleg skote blink når det gjeld formidlinga til dei yngste museumsgjestane.

Og skyte blink gjer også nokre av gjestane. Når vi ber henne fortelje litt om kva borna får oppleve i Gavlen, nemner ho blant anna skyting med pil og boge, på ekte vikingvis. For det nye innan museumsformidling er det som vert kalla aktivitetsbasert formidling. Borna får ikkje lenger høyre formidlaren rope: – Sitt stille og høyr etter, no skal eg fortelje. Nei. No er det: – Så kjekt å sjå dokke, vil dokke vere med på ei reise til vikingtida? No skal dei lære av å gjere. Vikingaktivitetane som Ingvill har sett saman blant anna med hjelp av sjefsvikingen sjølv, Arve Yndestad, går føre seg i området ved Middelaldermuseet. I ei tidsreise til vikingtida får borna kle seg i vikingklede, leike vikingkrigarar, spele vikingspel og lage mat i fjøra slik vikingane gjorde det for tusen år sidan. Truleg sit det dei får oppleve i løpet av ein slik time lenger i minnet til borna enn ord i bøker. Men Ingvill fortel at det er plass til ord også. Vikingtimen blir gjerne innleia med ei forteljing om korleis Olav den heilage kom til Sunnmøre i 1028. Ingvill er snart inne i forteljinga om Olav si blodige sjøferd opp langs norskekysten med Erling Skjalgsson sine menn i kjølvatnet, og let seg ikkje distrahere av at den einaste tilhøyraren er ein bloggar på 53 år. Vi får vite at Olav ankra opp på Tueneset, og tok beina fatt over Valldalen og vidare til Sverige for å slippe unna forfølgjarane. Så spennande kan altså ein historietime vere, tenker eg. Ikkje rart at besøkstala til Ingvill fyk i veret.

Vikingtimane er eit av 12 formidlingsopplegg som skular og barnehagar kunne velgje mellom i 2009. Ingvill, som sjølv har erfaring frå undervisning i den vidaregåande skulen, seier at dei i tida framover vil vende seg også til dei noko eldre elevane. For ikkje å snakke om dei aller eldste blant oss. Noko av det kjekkaste ho var med på i året som gjekk, var eit besøk frå nokre demente ved Sula Erindringssenter. Dei godt vaksne gjestene var på Dybhuset, eit over hundre år gammalt bustadhus som overlevde bybrannen, og fekk gjenoppleve stemningar og lukter frå barndommen. Dei hadde ei flott stund saman med dei museumstilsette. Så museum kan gje opplevingar som både festar seg i minnet og som treff gamle minne, slår Ingvill Wille fast.

Eldar

Kommentar (0)

Eldar Høidal
 

Tilgjengelege

Musea legg vekt på å vere tilgjengelege for dei som vil vite meir om korleis folk hadde det før i tida. Fleire av musea i Sunnmøre Museum har hus og tun som ein viktig del av formidlingsopplegget sitt. Desse musea vil normalt vere tilgjengelege for besøkande til alle tider, året rundt. Elles har alle musea under vår ”museums-paraply” no opna nettsider, og også desse kan du gå inn på døgnet rundt.

Men tilgjenget gjeld ikkje over alt og til alle tider. På Sunnmøre Museum finn du eit skilt der det står Staff only om du går høgt nok opp i etasjane. Omsett til norsk kan det skiltet til dømes bety. ”Hysj, eg sit og tenker.” Eller ”I dette området arbeider vi for tida med planar som skal gjere ditt neste museumsbesøk til ei enno betre oppleving.”

For det er jo slik at dersom vi på musea skal ha noko å vise fram, eller noko å fortelje, så må vi leite det fram og bearbeide det slik at det vert spennande for deg å møte det. Difor hender det at folk i musea sit bak nedrulla gardiner, eller bak skilt der det står Staff only.

Viss du vil kan eg jo lette opp gardinene slik at du får sjå kva eg jobbar med nett no. Etter at eg vart ferdig med boka om møbelbedrifta Ekornes, var det tid for å ta fatt på registrering av samlinga av møblar som Norsk Møbelfaglig Senter disponerer. Møbelfaglig Senter er som du kanskje veit eit av 13 museum i Sunnmøre Museum, og som dei andre musea har vi samla inn mange gjenstandar. Våre gjenstandar fortel om utviklinga til møbelindustrien gjennom dei siste hundre åra. Men i museumsbransjen held det ikkje å berre samle inn. Gjenstandane har ei historie, og den historia må vi skrive ned. For å få historia rett skriven ned er det utvikla dataprogram der gjenstandane skal registrerast. Musea sitt dataprogram heiter Primus. Så no om dagane sit eg då og legg inn i programmet Primus alle opplysningane eg har om dei møblane vi har samla inn. Det gjer eg for at dei som skal lage utstillingar for deg ein gong i framtida skal vite kva som finst, og kva dei skal fortelje om dei forskjellige gjenstandane.

Det fine og nye med dette programmet er at alle som arbeider i museum i Norge etter kvart kan gå inn å få oversikt over kva som finst i samlinga til Norsk Møbelfaglig Senter. Då slepp dei å bruke mykje tid på å leite fram opplysningar om det same produktet. Kanskje kan dei late vere å ta vare på produktet i det heile tatt, og heller gje plass til andre verneverdige ting. Etter kvart er det meininga at alle som er logga på internettet i landet, og i verda elles, kan få gå inn på dette registeret og sjå kva som finst i museumsmagasina rundt om i landet. Det vil bli som ei vandring i norsk kvardagshistorie.

No skjøner du kanskje litt meir av kva som skjuler seg bak skiltet Staff only. Det er sett opp berre fordi du og alle andre skal få gode tenester av oss, og for å sikre at du får ei god oppleving neste gong du er på museumsutstilling, eller les om oss på nettet.

Og sjølv om mange av oss no tek juleferie, tenker vi stadig på korleis dei skattane vi sit på skal gjerast mest mogeleg tilgjengelege:-)

 

God jul!

 

Eldar

Member of the Staff

Kommentar (0)

Eldar Høidal
 

”Velkommen til Julehuset. Hos oss finner du alt du trenger for å skape den rette julestemninga,” står det i reklamen for møbelkjeden som jeg hentet fram fra postkassa i dag tidlig. Mon det, tenker jeg. Kan man kjøpe seg julestemning? Det tar ikke lang tid før jeg selv gir svaret: Nei!

De virkelige julehusene i desember er de forskjellige museene rundt om, blant annet på Sunnmøre. Desember er mer enn noen annen måned tiden for tradisjoner og de gode gjentagelsene. Det er juletradisjoner som skaper julestemning for de fleste av oss. Og ønsker du å komme til kjernen i tradisjonene er museene et naturlig sted å vende seg. Her er det mennesker med kunnskap om hvordan julehøytiden har blitt forberedt og feiret i by og på land. Her er rammene som skal til for å komme i den gode, gammeldagse julestemninga. Det er her du finner den ekte varen.

Det har mange funnet ut allerede og stadig flere kommer etter. Blant de best besøkte arrangementene på Sunnmøre Museum i Borgundgavlen er Førjulssøndagen den andre søndagen i desember. Den står for døren denne helgen. Søndag 13. desember vil museumsområdet i Gavlen bli fylt med barn, foreldre og andre som søker ekte vare og julestemning uten lyden av klirrende kassaapparater. I andre museum rundt om i regionen blir det også laget til førjulsarrangement der lokale juletradisjoner blir formidlet og tatt vare på.

Desember er en god museumsmåned. Det har selvfølgelig sammenheng med at tradisjonene står så sterkt i julemåneden og at musea er blant de fremste tradisjonsbærerne. Av og til kan en kanskje ha en følelse av at interessen er mest rituell og ganske overfladisk. At folk oppsøker museene av samme grunn som de oppsøker kirkene julaften: for å komme i rette stemning til julemiddagen. Jeg spurte en gang en prest om det ikke var fristende i julepreika å ta for seg de mange ”stemningskristne” som var i kirka en gang for året, og formane dem om å leve et mer aktivt kristenliv og ta del i gudstjenestene også ellers i året. Nei, den tanken var fremmed for ham. At det er så stor søkning til kirken julaften viser hvor sterkt kirken står i det norske folket, og at det er kirken folk støtter seg til når de store begivenhetene inntreffer, sa han. Kanskje skal vi si det samme om den store interessen for museenes førjulsarrangementer. De viser at når det komme til stykket, når folk vil ha ekte vare, er det museene de søker til. Og jeg er ikke i tvil om at museenes juletilstelninger er blant vanlige folks desiderte favoritter. Jeg har ofte hørt folk si etter en tur på kjøpesenteret i førjulstria: Jeg gikk i kø hele tida, nå er jeg sliten. Og så har jeg hørt minst like mange si, etter en førjulssøndag på museet: Det var så trivelig. Vi koste oss både små og store.

Det er lov å kose seg i desember. Takk for at vi har musea :) 

Eldar

 

Kommentar (2)



Klikk på ikonet for RSS.

 


Musea i Stiftinga:




Ein del av Kystverkmusea: