Vi feirar kvinnedagen!
8 blogginnlegg, 8. mars kl. 8! Det handlar om kvinner frå Sunnmøre som har hatt mykje å seie for kvinnefrigjøringa; ein bilethoggar, 3 lærarinner, ein varaordførar, ei skrivedyktig gardskvinne med 7 born og ein fotograf.
Vidare fortel vi om jordmødrer, nærkoner og svarte frø, kvinnehandverk på ein fjellgard og at det overraskande nok var kvinnene som var industripionerar i Sykkylven. Innlegga er laga av våre ivrige bloggarar i Stiftinga Sunnmøre Museum.
Fem bloggar om betydningsfulle kvinner
Ambrosia Tønnesen f. 1859 i Ålesund, ein uvanleg person med eit tilsvarande uvanleg yrke. ”Steenhugger i det Fine” stod det på visittkortet hennar. Ho var den første kvinnelege bilethoggaren i Norge som kunne leve av kunsten. Frå 1910 til ho døydde i 1948, budde og arbeidde ho i Bergen, der ho har prega bybildet med ei rekkje skulpturar. I Ålesund finn vi fem av verka hennar. http://ivargunnar.blogspot.com/
Petrine Stafset født i 1883 i Skodje, utdanna seg til lærarinne. Ho engasjerte seg tidlig politisk i arbeiderrørsla, kom med i bystyret, formannskapet og en rekke kommunale komitear. I 1925 vart ho Ålesunds fyrste kvinnelige varaordfører. http://mixedgrillfranaftadjupet.blogspot.com/
Margrethe Svendsen fotograf i Ålesund frå 1890-1907. Tok mykje bilder av gatemiljø, men hadde også eit portrettatelier. Ho hadde og ein kvinnelig assistent. Ein veit diverre lite om Margrethe, men ho flytta etter kvart til Bergen og så Oslo. http://fylkesfotoarkivet.wordpress.com/
Berte Kanutte Aarflot (1795-1859) frå Ørsta. Ved sida av gardsarbeidet og morsansvaret for 7 born hadde ho overskot til heile 9 samlingar med oppbyggeleg litteratur. Aarflot vart lese over heile Norge. http://landetslykke.blogspot.com/
Ragna Maria Blindheim og Borgny Maaseide, to kvinner frå vårt distrikt som vart blant dei fyrste som tok høgare utdanning. Dei blei uteksaminert frå lærarskulen i åra 1913 og 1916. I disse dagar driv Sunnmøre Museum formidling av skulekvardagen i 1925 til alle 3. og 4. klassane i Ålesund kommune der dei får ein smakebit av korleis kvardagen var for elev og lærerinne. http://museumsformidling.blogspot.com/
Tre bloggar om viktige tema
Jordmor, nærkone og svarte frø
Jordmoryrket var den fyrste kvinnelege profesjonen i Norge, og den fyrste offentlege profesjonelle utdanninga for kvinner. Så tidlig som i 1836 var det heile 17 jordmorskoleutdanna kvinner tilsett i distrikt på Sunnmøre. Men før vi fekk utdanna jordmødrer, ja lenge etterpå også, var nabokonene dei viktigaste fødselshjelparane. "Kvar gift kone var jordmor". Nokre av desse nærkonene eller hjelpekonene var svært erfarne og blei sett på som dyktige fødselshjelparar. Men når fødselen drog i langdrag, kunne gode råd vere dyre, også for dei. Når folkevettet ikkje strakk til, måtte ein finne hjelp i magiske formularar, folketru og lækjande urter. http://urtedrops.blogspot.com/
Kvinnehandverk på ein fjellgard
Korleis klarte kvinnene på fjellgarden Ytste skotet seg aleine med barn, gardsarbeid, kårfolk og dyr medan mannen var ute på fiske? Jo, dei kunne så uendeleg mykje. Kvinnehandverk var meir enn å karde, spinne og strikke. http://skotet.wordpress.com/
Industriarbeidarkvinnene i Sykkylven
Ein skulle ikkje tru det, men i møbelbygda Sykkylven var det faktisk kvinnene som var industripionerar. Det heile starta med konfeksjonsindustri, som var dominert av kvinner. http://eldarsblogg.blogspot.com/
