Sykkylven Naturhistoriske Museum
"Månen og veret" - temakveld på Vårvon
"Månen og veret" - temakveld på Vårvon
Alle snakkar om veret! Torsdag 15.mars kl 19.00 inviterer museet og UL Samhald til temakveld i kjellaren på Vårvon i Straumgjerde. Denne gongen med Ivar Hoel som kåsør. Lokale "verprofetar" slepp også til.
Den velkjende Ivar Hoel i Vegvesenet har stor interesse for kunnskap om samanhengen mellom snøras og fjøre, korleis bønder og fiskarar kunne forutsjå veret ved å sjå på månetenninga i almanakka og verteikn knytt til primstaven. I kåseriet fortel han om denne kunnskapen som m.a. byggjer på erfaringar frå fjellbønder i Storfjorden.
Kaffi og noko attåt, og sjølvsagt mykje prat om veret! Velkomne!
Inngangspengar kr 75