HJEM     AKTIVER LESARWEB    SKRIFTSTØRRELSE       A  A  A    

Sunnmøre Museum Norsk Møbelfaglig Senter Landbruksmuseet for M og R Sivert Aarflot - museet
Aalesunds Museum Sykkylven Naturhistoriske Museum Herøy Kystmuseum Volda Bygdetun
Godøy Kystmuseum Ytste Skotet Brudavolltunet-Ørsta Bygdetun Dalsfjord Fyrmuseum

 

Sunnmøre Museum
Spennende foredrag om Ambrosia Tønnensen

Søndag 25. mars kl. 13.00 ønskjer vi velkommen til spennande foredrag om Ambrosia Tønnesen, med "ambrosiaentusiast" Britt Walle Ekroll. Ekroll tek oss også med inn i utstillinga om "Stenhugger i det Fine"på Sunnmøre Museum.

Bli betre kjend med billedhoggaren Ambrosia Tønnesen, ein uvanleg person med eit tilsvarande uvanleg yrke. ”Stenhugger i det Fine” stod det på visittkortet hennar.

 

Ambrosia var den første kvinnelege billedhoggaren i Norge som kunne leve av kunsten.

Ho var fødd i Ålesund i 1859, men familien flytta til Bergen då ho var 15 år gammal. Ho rekna seg sjølv som ei skikkeleg “gutajente” i oppveksten, og fekk respekt frå gutane ved å stå ned heile Kirkebakken, den beste akebakken i byen, på ein fot.

Modig og original var ho òg i yrkesvalet: å hogge skulpturar i marmor var ikkje rekna som passande arbeid for ei kvinne av borgarskapet på 1800-talet. Men Ambrosia braut opp frå ei sikker stilling som lærarinne i Norge for å leve som kunstnar i København, Berlin og Paris. Ambrosia Tønnesen fekk mange oppdrag, og utstilte jamnleg på Parisersalongen, i hennar samtid den viktigaste faste kunstutstillinga i verda.

Frå 1910 til ho døydde i 1948, budde og arbeidde ho i Bergen, der ei rekkje av arbeida hennar pregar bybildet. I Ålesund finn vi 5 verk av henne: i byparken (J.E.Devold), på museumshaugen (P.E.Tonning) og i Ålesund kyrkje. Dessutan eig Kunstforeninga eit barnehovud i bronse, som er å sjå i utstillinga.

| Mer

Klikk på ikonet for RSS.

 

       SISTE BLOGGINNLEGG

6. MAI 2013
FRODIG FLORA 
av Tone Anda

KONTACT OSS

STIFTINGA SUNNMØRE MUSEUM 
Pb 6607, Hatlane | 6024 Ålesund 
Tlf: 70 17 40 00 | Fax: 70 17 40 01 
Ansvarlig redaktør:
Ivar G. Braaten

HURTIGMENY


MUSEUM                                                                                                                     FØLG OSS

Sunnmøre Museum >
Aalesunds Museum >
Godøy Kystmuseum >
Norsk Møbelfaglig Senter >
Sykkylven Naturhistoriske Museum >
Ytste Skotet >

Landbruksmuseet for M og R >
Hærøy Gard >
Brudavoll tunet >
Sivert Aarflot - museet >
Volds bygdetun >
Dalsfjord Fyrmuseum >






 
                                    Design: Osberget CMS_www.osberget.no