Godt museumsår for Stiftinga Sunnmøre Museum
Med ei auke på heile 13% er musea i Stiftinga Sunnmøre Museum særs godt nøgde med besøkstalet for 2011. Fokus på eit variert tilbod for både skuleklassar, tilreisande og heimemarknaden har gitt resultat.
Vi er særs godt nøgde med året 2011. Gjennom året har vi hatt fokus på fortsatt å skape mangfald i tilbodet til både privatpersonar og skuleklassar.
Turistar på eigahand
I tillegg ser vi ei auke i talet på turistar som besøker dei ulike musea. Spesielt fleire cruiseturistar veljar å dra på musea på eigahand. I tillegg har vi hatt nesten ei dobling i talet på besøkande frå cruisebåtane som er med på dei organiserte turane i området, der musea er ein del av fleire attraksjonar.
Skuleklassane i fokus
Gjennom året har alle skulane i kommunane der stiftinga er representert, motteke formidlingstilbod tilrettelagt for det einskilde klassetrinn og den einskilde læringsplan. Det har ikkje mangla tilbakemeldingar frå dei ulike skulane. Nokre av musea har til tider sett seg nøydde til å takke nei på grunn av for stor pågang. Arrangementet «Smak av Kystkultur» er eit av fleire døme på dette, der 600 elevar meldte si interesse på dei 300 plassane vi hadde til rådigheit. Også skuleprosjektet knytt til «Gange Rolv- jubileet» fekk særs gode tilbakemeldingar, der alle elevane på 6. trinnet i Ålesund og Giske kommune hadde «Vikingdag på museet».
Stor interesse for kurs
Dei ulike musea i stiftinga ser også ei aukande interesse for det gamle handverket. Ventelister på kurs som eksempelvis skinnsaum, møbeltrekking og lefsebaking syner dette.