Sunnmøre Museum
Draktregistrering på Sunnmøre
Bunadsnemda for Sunnmøre inviterar til draktregistrering i veke 35. Husflidslag, ungdomslag, bygdekvinnelag, sogelag og andre som har interesse for bunad oppmodast til å ta kontakt.
Registreringa er i regi av Bunad- og folkedraktrådet (BF), der seksjonsleiar Anne Kristin Moe, vil være tilstades. BF vil besøke bygdene Ørskog, Stordal, Sykkylven og Stranda/Hellesylt.
BF har siste åra gjort draktregistreringar på Sunnmøre, i Fjørå (Norddal-Valldal), på Dimna og i Volda-Ørsta. Dei har funne mykje interessant draktmateriale frå desse bygdene. No planlegg dei ny tur til våre trakter.
Registreringa på 1980-talet
BF veit at på 1980-talet var her gjort ei registrering. Då vart det funne mykje interessant draktmateriale, både til kvinner og menn. Dette blei gjort lokalt, og er ikkje registrert hos BF. Dei plagga som då vart lagt fram er av stor interesse, og BF håper dei framleis finnes. Kanskje kan her også være meir som ikkje har vore framme før. Jo eldre, jo betre. Gamle fotografi er av stor interesse. Plagg som er yngre enn ca. 1920-25 er allereie dokumentert, og har liten interesse denne gongen. Men er ein usikker på alderen, tak det fram.
Dokumentasjon for ettertida
Det er viktig for ettertida at det som er igjen av gamalt draktmateriale blir registrert og fotografert. Opplysningane blir lagt inn i arkiva til BF. Slik kan dei som kjem etter oss ha ein plass å søke opplysning om emne.
Kontakt Bunadsnemda
Ta gjerne kontakt med ein av oss i Bunadnemnda for Sunnmøre, så kan vi avtale det praktiske opplegget.
Åshild Ytredal Liaskar, tel. 952 21 417 aashildy@hotmail.com
Bjørg Astrid Rørstad, tel. 951 45 954 oroersta@online.no
Line Iversen, tel. 938 99 590, line@sunnmore.museum.no
Om Bunad- og folkedraktrådet
Bunad- og folkedraktrådet er ein nasjonal faginstitusjon som arbeider for å fremje kunnskap om folkedrakt og bunad som kulturuttrykk, og bruk og tilverking av desse drakttypane.
Institusjonen omfattar eit fagråd oppnemnt av Kultur og kyrkjedepartementet og seksjonen Bunad- og folkedraktrådet ved Valdresmusea AS. Fagrådet er eit fagleg rådgjevande organ for seksjonen.
Bunad- og folkedraktrådet sine oppgåver er:
Bygge opp og forvalte arkiv med draktregistreringar og anna dokumentasjon knytt til folkedrakt og bunad.
Formidle informasjon og stille innsamla materiale til rådigheit for dei som arbeidar med draktspørsmål.
Gje råd ved rekonstruksjon eller revisjon av bunader.
