Stiftinga Sunnmøre Museum er ei samling på 13 museum. Vi fortel om natur, liv og arbeid på Sunnmøre gjennom 10.000 år.

Klikk på namnet til det museet du ønskjer informasjon om og les meir om museets varierte tilbod.

Sunnmøre Museum
Olsokfeiring i Borgundgavlen

Torsdag 29. juli er du velkommen til økumenisk gudsteneste i Borgund Kyrkje med påfølgande Olsokfest på Sunnmøre Museum. 

Sal av rømmegraut med meir i kafeen på Sunnmøre Museum. Foredrag med Oddvar Bjørge.


 

 

Program:
Kl. 18.00  Økumenisk gudsteneste i Borgund kyrkje.
Kl. 19.30  Olsok-fest med rømmegraut m.m. i kafeen, Sunnmøre Museum.
Kl. 20.30 "Den andre sitt ansikt - ei augevitneskildring frå Jerusalem 2010", foredrag v/Oddvar Bjørge

 

Kva er Olsok?
Olsok feirast til minne om Olav den Heilage som døydde i slaget på Stiklestad den 29. juli 1030. Før reformasjonen (den religiøse omveltinga frå katolisisme til protestantisme på 1500 talet) var dette ein av de viktigaste helgenfestane i Noreg.

På grunn av Olav sin spesielle posisjon i norsk historie vart dagen bevart som ein nasjonal festdag også etter reformasjonen.

 

|Mer


Klikk på ikonet for RSS.

 


Musea i Stiftinga:




Ein del av Kystverkmusea: