STIFTINGA SUNNMØRE MUSEUM
Pb 6607, Hatlane
6015 Ålesund
Tlf: (+47) 70 17 40 00
Fax: (+47)70 17 40 01
E-post

Publikumsauke i 2009 

Gjennom året 2009 har dei 13 musea i Stiftinga Sunnmøre Museum samla hatt ein auke i besøkstalet på heile 16,9 %.  Spesielt skulane har vist stor interesse for tilbodet frå dei ulike musea i regionen.  

Gjennom året får alle skulane i kommunane der stiftinga er representert, tilbod om formidling tilrettelagt det enkelte klassetrinn og den enkelte læringsplan. Tilbakemeldingane har vore svært gode!

Til dømes har musea i Ålesund-, Volda- og Giske kommune opplevd ei dobling i talet på besøkande skuleelevar.  

Tilrettelagt undervisning
Tema som steinalder, middelalder, fiske og krigstid er nokre av dei mange tilboda skulane takkar ja til. Undervisninga fordrar at elevane sjølv tek aktiv del i læringsprosessen. Tilbakemeldingar frå elevar og lærarar seier at denne måten å lære historie på er både effektivt og morosamt.

Kulturminneåret 2009
Gjennom året har også musea i stiftinga gjennom ulike markeringar satt fokus på kulturminna i regionen. Eit hovudkjenneteikn ved Kulturminneåret 2009 var at både aktivitetane rundt kulturminna og kulturminna sjølv stod i sentrum. Mange av musea i stiftinga har hatt fokus på aktivitetar retta mot familiar, og då barna spesielt. Vi har opplevd ein auke i talet på familiar som søkjer aktivitetar som gir rom for læring og deltaking både for barnet og dei vaksne.

Spennande med to nye museum i 2009
For året 2009 har også tilbodet til publikum omfatta fyr og landbruk. Både Dalsfjord Fyrmuseum og Landbruksmuseet på Gjermundnes har komme inn som nye medlemmar i ”familien”. At både landbruket og fyrhistoria har fått sin plass gjer sitt til at Stiftinga Sunnmøre Museum kan gje eit enda breiare tilbod til både tilreisande og publikum som bur i regionen.